Drava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drava
elv
none  Drava ved Maribor i Slovenia
Drava ved Maribor i Slovenia
Land Flag of Italy.svg Italia, Flag of Austria.svg Austerrike Flag of Slovenia.svg Slovenia, Flag of Hungary.svg Ungarn Flag of Croatia.svg Kroatia
Renn gjennom Maribor, Osijek
Sideelvar Gail, Gurk, Mura
Lengd 749 km
Nedslagsfelt 11 828 km²
Kjelde Sør-Tyrol i Italia
 - høgd om lag 1 450 moh
Munning I Donau ved Osijek i Kroatia
 - høgd om lag 90 moh
Wikimedia Commons: Drava

Drava (tysk Drau, ungarsk Dráva) er ei elv i sørlege delar av Sentral-Europa. Ho har sitt utspring i Sør-Tyrol i Italia og renn austover gjennom Tirol og Kärnten i Austerrike, inn i Slovenia (145 km), og så søraustover gjennom Kroatia, der ho dannar grensa mellom Kroatia og Ungarn. Til slutt renn ho ut i Donau nær byen Osijek. Ho har ei lengd på 725 km.

Drava ved Drávaszabolcs i Ungarn

Drava renn gjennom Lienz, Spittal an der Drau, Villach, Dieschitz og Ferlach i Austerrike, Dravograd, Vuzenica, Muta, Ruše, Maribor, Ptuj og Ormož i Slovenia, Varaždin og Osijek i Kroatia og Barcs i Ungarn. Ein kan segle på Drava i om lag 90 km frå Čađavica i Kroatia og til munningen.

Dei største sideelvene til Drava er Gail i Austerrike og Bednja i Kroatia frå venstre, og Gurk i Austerrike og Mura (nær Legrad) i Kroatia frå høgre.

Drava ved Vízvár i Ungarn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drava