Marie Tannæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Tannæs

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mars 1854
Christiania
Død

20. februar 1939 (84 år)
København

Yrke kunstmålar
Marie Tannæs på Commons

Marie Katharine Helene Tannæs (19. mars 185420. februar 1939) var ein norsk målar som er kjend for haustmotiva sine.[1] Ho debuterte på Haustutstillinga i 1883.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Faren til Tannæs var sokneprest Arne Tannæs (1814–79); han var ven med totenmålaren Christian Wexelsen (1830–83) som meinte Marie burde gå målarstigen. Noko som ho gjorde, og let seg inspirere til å ta for seg dei haustlege motiva frå naturen. Mora Maren Udnæs (1822–85) var dotter av Gabriel J. Udnæs (1791–1846) som eigde Vøienvolden gård. Tannæs sitt måleri Senhøstes (1896) i Nasjonalgalleriet er måla på Vøienvolden, i likskap med Høst frå 1924.[2]

Utdanning og målarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1872 byrja Tannæs på Teikneskulen der Wexelsen var lærar.[3] Hausten 1884 byrja ho på sine tre år ved den private kunstskulen til Christian Krohg, Hans Heyerdahl og Erik Werenskiold.[4] Ifølgje Norsk kunstnerleksikon er ho inspirert av Werenskiold både i teknikk og målemåte.[5]

Tannæs hadde studieopphald i Frankrike 1888–89 og 1892, der ho fyrst studerte under Gustave-Claude-Etienne Courtois[6] ved Académie Colarossi, og i 1892 hos Pierre Puvis de Chavannes (1824–98). På Verdsutstillinga i Paris i 1889 fekk ho mention honorable for Hoff ved Skøyen med det fyrste snøfallet om hausten. Ho blei tildelt bronsemedalje ved Verdsutstillinga i Paris i 1900 og sølv på Verdsutstillinga i San Francisco i 1915.[4]

Så følgde studieopphald i Italia 1898 saman med Signe Scheel, og i 1901–02 på Sicilia samstundes med Severin Segelcke (1867–1940).[1][7]

Tannæs var styremedlem i Bildende Kunstneres Styre 1913–15 og medlem av juryen for Haustutstillinga 1909–14; her stilte ho elles ut nesten kvar haust frå 1883 til 1934.[1]

Tannæs er representert i Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri, Trondheim kunstmuseum, Stavanger Kunstmuseum og Oslo bymuseum.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Anne Wichstrøm og Svein Aamold, Marie Tannæs i Norsk kunstnerleksikon.
  2. Høst fra jubileumsauksjonen 2012, gwpa.no.
  3. Anne Wichstrøm (1997). Kvinneliv, kunstnerliv. Gyldendal. ISBN 8252535208. 
  4. 4,0 4,1 Tannæs, Marie i Hvem er Hvem, 1930.
  5. Wichstrøm, Anne; Aamold, Svein (19. april 2023). «Marie Tannæs». Norsk kunstnerleksikon (på norsk). 
  6. «Marie Tannæs 70 aar». Morgenposten, 19. mars 1924. 
  7. Sigurd Willoch (1934). «Italia i norsk nittiårskunst». Kunst og kultur. Universitetsforlaget.