Marija Isakova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marija Isakova
RR5110-0120R.jpg
Fødd 5. juli 1918
Kirov
Død

25. mars 2011
Moskva

Yrke skøyteløpar

Marija Grigorjevna Isakova (5. juli 191825. mars 2011) var ein russisk skeiseløpar frå Vjatka som vart verdsmeister på skeiser i 1948, 1949 og 1950. Ho representerte Sovjetunionen.

Isakova deltok i 1936 i den sovjetiske meisterskapen, der ho vart nummer fem. I 1944 kom ho på andreplassen i landsmeisterskapen, før ho i 1945 byrja på ei nasjonal sigersrekke som varte til 1951, med unnatak for ein andreplass i 1950.

Isakova deltok i tre verdsmeisterskap på skeiser, og vann alle tre meisterskapane. I finske Turku i 1948 vann ho med ein margin på over seks tidspoeng til landskvinna Lidija Selikhova. Året etter gjekk VM på Kongsberg, der ho sikra meistertittelen etter å ha vunne dei tre kortaste distansane. Vinteren 1950 vann ho skeise-VM på heimebane i Moskva framom sju landskvinner, norske Randi Thorvaldsen vart beste utlending på niandeplass. Den 12. februar 1951 sette Isakova verdsrekord på 1500 m på Medeobana ved Alma Ata med tida 2.29,5.

For innsatsen på skeisebana vart Isakova tildelt Leninordenen. Ho var aktiv til 1954.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]