Marija Rjemjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marija Rjemjen


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 2. august 1987 (36 år)
Makijivka
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

3. klasse av Fyrstinne Olgas orden, 3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden

Marija Vitalijivna Rjemjen (fødd 2. august 1987) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar som i 2012 vart europameister på 200 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rjemjen vart i 2010 ukrainsk meister på 200 meter. Under EM i friidrett 2010 i Barcelona kom hop på femteplass på 100-metere, før ho så vann gull i 4 x 100 meter stafett saman med Olesja Povkh, Natalija Pohrebnjak og Jelizaveta Bryzjina. Rjemjen var også med på det ukrainske laget som la beslag på bronseplassen i den korte stafetten under VM i friidrett 2011 i Daegu.

Rjemjen tok gullmedaljen på 200 meter ved EM i friidrett 2012 i Helsinki. Ein dryg månad seinare sprang ho den tredje etappen då Ukraina tok bronse i 4 x 100 meter stafett under Sommar-OL 2012 i London. Tidlegare i leikane presterte ho livsbeste 22,58 sekund i forsøket på 200 m, før ho rauk ut i semifinalen. Vinteren 2013 sette ho personleg rekord med 7,10 sekund då ho sigra på 60 meter i hall-EM. Etter dopingdom kom ho tilbake på friidrettsbana i 2016, utan å vere i nærleiken av sitt tidlegare nivå.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 2014 vart Rjemjen teken for bruk av methandrostenolon, og stengt ute frå idrett frå 10. januar 2014 til 2. mars 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]