Makijivka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 48°05′0″N 38°04′0″E
Makijivka
Макіївка
by
Panoramio - V&A Dudush - 3 июня 2010.jpg
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Rajon Makijivka bykommune
Høgd 169 moh.
Koordinatar 48°05′0″N 38°04′0″E
Areal 218,2 km²
Folketal 389 589 (2004)
Folketettleik 1 785 / km²
Grunnlagd 1696
 - Byrettar 1925
Borgarmeister Oleksandr Maltsev
Postnummer 86100-86180
Retningsnummer +380 6232
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Makiivka
Nettstad: makeyevka.dn.ua

Makijivka (ukrainsk Макіївка; russisk Макеевка, Makejevka; tidlegare namn: Dmytrijivsk, Dmytrijevskyj) er ein industriby aust i Ukraina i Donetsk oblast (provins), 25 km frå Donetsk. Byen har kring 390 000 innbyggjarar (2004). Han har eit viktig senter for stålindustri og kolgruvedrift i landet. Donetsk og Makijivka har meir eller mindre vokse i saman, så det er vanskeleg å sjå kvar den eine sluttar og den andre byrjar. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lenge trudde ein at Makijivka vart grunnlagd i 1777, men nyare forsking har vist at han vart nemnd i skriftlege kjelder kring 1696. Den første gruva nær byen vart opna i 1875. I 1899 vart det grunnlagd ein metallurgi-busetnad i nærleiken kalla Dmytrijevsk.

Makijivka var berre ein liten landsby då han vart slått saman med den nærliggande Dmytrijivsk. Dmytrijivsk utvikla seg så til ein av dei største kolgruve- og industrisentra i Donetsbekkenet. I 1931 fekk Dmytrijivsk-Makijivka det nye namnet Makijivka.

I 1939 budde det 8000 jødar i Makijivka. I 1942 melde nazistane at Makijivka no var "fri for jødar". Nazistane avretta i alt 493 personar her.

I september 2006 vart den første synagogen i byen reist, den første på nesten 70 år. .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • makeyevka.dn.ua - Offisiell nettstad for Makijivka (engelsk)/(ukrainsk)/ (russisk)