Marit Tusvik
Marit Tusvik | |
Marit Tusvik Foto: Gunhild Bøygard
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. mars 1951 (73 år) Høyanger kommune |
Yrke | Forfattar, omsetjar |
Periode | 1979- |
Sjanger | Romanar, dikt, drama, bøker for barn |
Debut | Reisa til mandarinlandet, 1979 |
Marit Tusvik på Commons |
Marit Tusvik (fødd 13. mars 1951) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar frå Høyanger i Sogn i Sogn og Fjordane som debuterte i 1979. Ho skriv romanar, dikt, skodespel, bøker for barn og unge, biletbøker, manus til film og er omsetjar i ulike sjangrar. Ho har illustrert nokre av bøkene sine sjølv. Marit Tusvik har motteke fleire litterære utmerkingar, skodespela har blitt framført ved ulike teater og eit par av dei er filma for fjernsyn. Marit Tusvik skriv på nynorsk og på bokmål. Tekstane hennar er omsette til fleire språk.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Tusvik debuterte med dikt- og prosasamlinga Reisa til mandarinlandet i 1979. Mugg er tittelen på dramadebuten hennar, og den fekk ho Ibsenprisen for i 1991. Ishuset, roman utgitt i 1991, vart skriven om til skodespel og urframført av Sogn og Fjordane teater i 2010.
Store Norske Leksikon skriv: «Hennes første roman, Ishuset (1991), dramatisert (2009), viser hennes evne til å kombinere følsom menneskeskildring med nøktern humor, og i romanen Bell (1995) tegner hun et poetisk bilde av avvisning og avhengighet gjennom to kvinners beretninger om det tette forholdet de hadde som unge. Nord (1999) er en bredt anlagt roman, der norsk vestland og arabisk miljø blir vevd inn i hverandre. Sigrid Finne (2007) er et kjærlig portrett av Tusviks mor. Romanen Deilig er jorden (2009) er en barndomsskildring fra et lite sted på Vestlandet.»[1]
«Fabulerende 'altmuligkvinne…'»,[2] skreiv litteraturforskar Øystein Rottem om forfattarskapen til Marit Tusvik til og med 1995.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1979 – Reisa til mandarinlandet (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-04306-9 I fulltekst ved nb.no
- 1984 – Mellom sol og måne : dikt for barn (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-2539-5 I fulltekst ved nb.no
- 1985 – I byen under byen (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-15103-5 I fulltekst ved nb.no
- 1986 – Jorunn og Janfrid (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-15313-5 I fulltekst ved nb.no
- 1987 – Hestehov (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-15733-5 I fulltekst ved nb.no
- 1987 – Katrine (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3072-0 I fulltekst ved nb.no
- 1988 – Kua som fraus (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-15959-1 I fulltekst ved nb.no
- 1989 – Bruno Andante og wobbegongen (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3404-1 I fulltekst ved nb.no
- 1990 – Hareungen som blei åleine (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-16354-8 I fulltekst ved nb.no [Medforfattar: Jan-Kåre Øien]
- 1990 – Mugg : skuespill i to akter (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-12984-2 I fulltekst ved nb.no
- 1991 – Petter Larsens dag- og nattbok (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-16838-8
- 1991 – Ishuset (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-16757-8 I fulltekst ved nb.no
- 1993 – Etter William : en komedie (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-17331-4 I fulltekst ved nb.no
- 1994 – Alle vakre jenters hambo (Bergen: Den nationale scene) I fulltekst ved nb.no
- 1994 – Kvalross i bikini (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4457-8 I fulltekst ved nb.no
- 1994 – Hvalross i bikini (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4458-6 I fulltekst ved nb.no
- 1995 – Bell (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-17589-9 I fulltekst ved nb.no
- 1996 – Hører du månen [Filmmanus]
- 1997 – Gjennomtrekk : dikt (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-17928-2 I fulltekst ved nb.no
- 1997 – Barnas teaterbok (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-17453-8 I fulltekst ved nb.no [Medforfattarar: Mari Maurstad og Jan E. Hansen]
- 1998 – Tsaren : monolog for en kvinne (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-18047-7 I fulltekst ved nb.no
- 1999 – Nord (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-17999-1 I fulltekst ved nb.no
- 2002 – Stille og fint : roman (Oslo: Oktober). ISBN 82-495-0074-1 I fulltekst ved nb.no
- 2003 – Den forunderlige historia om Valdemar Blå og reisa gjennom havet (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-6263-0 I fulltekst ved nb.no
- 2005 – Angerhøy : eit skodespel i fire akter (Oslo: Oktober). ISBN 82-495-0364-3 I fulltekst ved nb.no
- 2007 – Sigrid Finne : roman (Oslo: Oktober). ISBN 978-82-495-0181-6
- 2008 – Samlede dikt (Oslo: Oktober). ISBN 978-82-495-0582-1 [Etterord av Hans Petter Blad: "Hva Marit Tusviks poesi angår"]
- 2009 – Deilig er jorden : roman (Oslo: Oktober). ISBN 978-82-495-0566-1
- 2011 – 26 små romaner (Oslo: Oktober). ISBN 978-82-495-0870-9
- 2014 – Fleur : roman (Oslo: Oktober). ISBN 978-82-495-1448-9
- 2015 – Vinterkurset : boksingel (Oslo: Flamme). ISBN 978-82-82-88136-4
- 2017 – I hans armar : roman (Oslo: Oktober). ISBN 978-82-495-1844-9
- 2022 – Mannen fra Milano : roman (Oslo: Oktober). ISBN 9788249519682
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 1989 – Den Store dikt- og regleboka : bind 2 (Stabekk: Bokklubbens Barn). ISBN 82-525-1546-0 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Tenk at vinden, Mors gode råd, Tyggisen, Uimotståeleg / Marit Tusvik]
- 1990 – Tornado og andre noveller for barn (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3538-2 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Må eg alltid vere lik meg? / Marit Tusvik]
- 1991 – Noveller : av diktere i dette landet preget av vinter (Oslo: Messel). ISBN 82-7631-003-6 [Av innhaldet: Ferien, Marit Tusvik]
- 1994 – 'Ein Blomstervang for din fot-' : norske kjærleiksdikt : i utval (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4410-1 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Smalare ; Flytt deg litt da ; Ute er kvelden lett / Marit Tusvik, s. 87-89]
- 1995 – Natt i nytt hus : nye dikt for deg og andre barn (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4614-7 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Klage frå ein prestekrage, Fargebad, Kra kra, Inga Løysing / Marit Tusvik]
- 1997 – Vårboka (Oslo: Damm). ISBN 82-517-7368-7 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Hestehov / Marit Tusvik]
- 1997 – Høstboka (Oslo: Damm). ISBN 82-517-9099-9 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Tenk at vinden / Marit Tusvik]
- 1998 – Sommerboka (Oslo: Damm). ISBN 82-517-8991-5 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Den næraste nærbutikken / Marit Tusvik]
- 1998 – Labyrinter (Oslo: Gyldendal Tiden). ISBN 82-478-0157-4 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Barndomen, Mamma og pappa, Tippa / Marit Tusvik]
- 2008 – Frihet som livsbetingelse. 1 (Oslo: Transit). ISBN 82-7596-073-8 [Av innhaldet: Vi to / Marit Tusvik]
- 2008 – Les for meg! (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7179-2 [Av innhaldet: Kra kra / Marit Tusvik]
- 2014 – Bibeldikt (Oslo: Verbum). ISBN 978-82-543-1292-6 [Av innhaldet: Å kome attende dit ein aldri før har vore / Marit Tusvik]
- 2015 – Ren poesi (Oslo: Cappelen). ISBN 978-82-02-48625-9 [Av innhaldet: Men kvifor, Godt å vite / Marit Tusvik]
- 2023 – Eg vil vere her : dikt til trøyst (Oslo: Samlaget). ISBN 9788234006319 [Redaktør: Olaug Nilssen. Inneheld dikt av Marit Tusvik]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1986. Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
- 1991. Ibsenprisen
- 1991. Nynorsk litteraturpris
- 1991. Mads Wiel Nygaards legat
- 1995. Narvesens kulturpris
- 1999. Amalie Skram-prisen
- 2004. Doblougprisen
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Store Norske Leksikon : Marit Tusvik (Lesedato 26.02.2014)
- ↑ Rottem, 1998, side 8.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Øystein Rottem (1998). «Etterkrigslitteraturen : vår egen tid». Norges litteraturhistorie. Oslo: Cappelen. s. 493-494. [Band tre]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1951
- Nynorskforfattarar
- Norske barnebokforfattarar
- Norske romanforfattarar
- Norske lyrikarar
- Norske dramatikarar
- Norske omsetjarar
- Vinnarar av Amalie Skram-prisen
- Vinnarar av Doblougprisen
- Vinnarar av Nynorsk litteraturpris
- Kvinner frå Sogn og Fjordane
- Forfattarar frå Høyanger
- Folk frå Høyanger
- Vinnarar av Ibsenprisen