Mark McKoy
| Mark McKoy | |
| Statsborgarskap | Austerrike, Canada |
| Fødd | 10. desember 1961 (64 år) Georgetown |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | athletics at the 1982 Commonwealth Games – men's 110 metres hurdles, athletics at the 1982 Commonwealth Games – men's 4 × 100 metres relay, VM i friidrett 1983 – 110 meter hekk herrer, Friidrett under Sommer-OL 1984 – 110 meter hekk menn, 1985 IAAF Grand Prix Final, athletics at the 1986 Commonwealth Games – men's 110 metres hurdles, athletics at the 1986 Commonwealth Games – men's 4 × 100 metres relay, 1987 World Championships in Athletics – men's 110 metres hurdles, athletics at the 1988 Summer Olympics – men's 110 metres hurdles, 1991 IAAF World Indoor Championships – men's 60 metres hurdles, 1991 World Championships in Athletics – men's 110 metres hurdles, athletics at the 1992 Summer Olympics – men's 110 metres hurdles, 1993 IAAF World Indoor Championships – men's 60 metres hurdles, 1993 IAAF Grand Prix Final, 1995 IAAF World Indoor Championships – men's 60 metres hurdles, athletics at the 1996 Summer Olympics – men's 110 metres hurdles |
Mark McKoy (fødd 10. desember 1961) er ein tidlegare friidrettsutøvar fødd i Georgetown i Guyana som representerte Canada fram til 1994 og deretter Austerrike. Han vart i 1992 olympisk meister i 110 meter hekk.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]McKoy voks opp i England og budde frå ungdomsåra i Canada. Han fekk sitt internasjonale gjennombrot då han vann korthekken under samveldeleikane 1982. Der etter vart han fjerdemann i øvinga både ved verdsmeisterskapen 1983 i Helsinki og Sommar-OL 1984 i Los Angeles.
I VM 1987 så vel som Sommar-OL 1988 enda McKoy på sjuandeplassen i 110 meter hekk. I 1991 kom han enno ein gong på fjerdeplass i den største årsmeisterskapen, VM i Tokyo. Sommaren 1992 forbetra han den kanadiske rekorden på spesialdistansen til 13,11 sekund. I OL-finalen 3. august 1992 sprang han på 13,12 og vann ein klar siger.
2. juli 1993 kom McKoy i mål på 13,08 sekund ved eit stemne i Villeneuve d'Ascq i Frankrike, hans livs beste løp i 110 meter hekk. I 1994 vart han austerriksk statsborgar og representerte landet i OL i Atlanta.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Etter treningskollega Ben Johnson vart avslørt for doping under leikane i Seoul i 1988, vedgjekk også McKoy å ha nytta stimulerande stoff. Han var stengt ute frå tevling i 2 år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mark McKoy» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2020.
- «Mark McKoy» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1961
- Canadiske hekkeløparar
- Olympiske meistrar for Canada
- Canadiske deltakarar under sommar-OL 1984
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984
- Canadiske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Canadiske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Austerrikske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Dopingsaker i friidrett
- Folk frå Georgetown