Mark Zuckerberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mark Zuckerberg
Mark Zuckerberg F8 2019 Keynote (32830578717) (cropped).jpg
Fødd 14. mai 1984 (38 år)
White Plains
Yrke programmerar, gründer, informatikar, mesen, administrerande direktør, velgjerar
Mark Zuckerberg på Commons

Mark Elliot Zuckerberg (fødd 14. mai 1984) er ein amerikansk konsernsjef. Zuckerberg var initiativtakar og medgründer av Facebook, som gjorde han til milliardær i ung alder.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mark Zuckerberg vaks inn i ein jødisk familie.[1] I ein periode definerte han seg som ateist,[2][3] men slutta seg til den jødiske trua etter at han sjølv vart far.[4][5] Mora hans, Karen Kempner, var psykiater, og faren, Edward Zuckerberg, var tannlege.[6] Forfedrane hans kom frå Tyskland, Austerrike og Polen.[7] Han vaks opp i White Plains i delstaten New York.[8] Zuckerberg kan både lesa og skriva på fem språk: engelsk, fransk, latin, gresk og hebraisk. Han har òg overkomeleg kjennskap til kinesisk.[9][10]

Zuckerberg skipa nettsamfunnet Facebook saman med klassekameratane Dustin Moskovitz, Eduardo Saverin og Chris Hughes medan han var student ved Harvard University.[11] I 2006 avslutta han studiane sine utan eksamen for å satsa på Facebook.

I 2010 hadde Zuckerberg ein anslått formue på 6,9 milliardar dollar,[12] og var den yngste dollar-milliardæren i verda allereie i oktober 2009.[13]

Den 19. mai 2012 gifta han seg med Priscilla Chan,[14] som han hadde møtt på ein fest i 2003. Saman har dei tre born[15] Dei bur i ein villa i Palo Alto i California.[16] Han kjøpte alle dei fire tilgrensande eigedomane for å kunna vera fri frå blikket til nysgjerrige naboar.[17]

I 2017 vart han gjort til æresdoktor ved Harvard University.[18][19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Yaniv Halili (19. mars 2010). «Changing His Status». 7 Days, Yedioth Ahronoth, issue #2408. s. 94–100. 
  2. Vara, Vauhini (28. november 2007). «Too Much Information? - WSJ.com». Online.wsj.com. Henta 26. juni 2010. 
  3. «The 50 Most Brilliant Atheists of All Time». Brainz.org. Arkivert frå originalen 20. november 2010. Henta 17. november 2010. 
  4. «Mark Zuckerberg says he’s no longer an atheist, believes ‘religion is very important’». Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286. 
  5. Price, Rob, «Mark Zuckerberg says he's become 'more religious' after becoming a father in rare public discussion about faith: 'The last few years have been really humbling for me'», Business Insider (på engelsk), henta 9. desember 2022 
  6. «The Zuckerbergs of Dobbs Ferry», New York, no. 14. mai 2012, henta 21. mai 2012 
  7. Zuckerberg, Mark (27. januar 2017). «My great grandparents came from Germany, Austria, and Poland.». Facebook (PaloAlto). 
  8. «Mark Zuckerberg», www.jewishvirtuallibrary.org, henta 9. desember 2022 
  9. «Mark Zuckerberg - On Wednesday I did my first ever public Q&A in Chinese». Henta 23. oktober 2014. 
  10. «Priscilla Chan: New doctor turned Mrs. Zuckerberg». CNN. 21.05.2012. Henta 30.12.2018. 
  11. «Company Timeline». Facebook. Henta 3. oktober 2008. 
  12. Forbes billionaire topic page on Mark Zuckerberg Arkivert 2011-09-02 ved Wayback Machine. Forbes. inloggning behövs, besøkt april 2010.
  13. In Pictures: The World's Youngest Billionaires. Forbes.com, besøkt 8. oktober 2009.
  14. «Facebook's Mark Zuckerberg marries longtime girlfriend, Priscilla Chan», NBC News (på engelsk), henta 9. desember 2022 
  15. Hartmans, Madeline Stone, Avery, «Inside the 19-year relationship of Meta CEO Mark Zuckerberg and Priscilla Chan, who are about to have their 3rd baby together», Business Insider (på engelsk), henta 9. desember 2022 
  16. «Inside the $7 million home of Mark Zuckerberg in Palo Alto, California» (på engelsk). 11. april 2018. Henta 30. desember 2018. 
  17. Shontell, Alyson, «Mark Zuckerberg Just Spent More Than $30 Million Buying 4 Neighboring Houses For Privacy», Business Insider (på engelsk), henta 9. desember 2022 
  18. University, Harvard, «History of honorary degrees», Harvard University (på engelsk), henta 9. desember 2022 
  19. «Mark Zuckerberg gets honorary Harvard degree after dropping out». BBC News (på engelsk). 25. mai 2017.