Markuskyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Markuskyrkja
Veneza47.jpg
ArkitektDomenico I Contarini
Stilromansk stil, Bysantinsk arkitektur
Markusplassen måla av Gentile Bellini

Markuskyrkja (italiensk Basilica Cattedrale Patriarcale di San Marco) er den katolske domkyrkja i Venezia. Ho ligg ved austsida av Markusplassen, ved sida av Dogepalasset, og er eit av kjennemerka for Venezia. Kyrkja er eit godt eksempel på italo-bysantinsk arkitektur. Kyrkja var opphavleg bygd som kapell for dogen av Venezia, og blei først domkyrkje for byen i 1807, då ho blei sete for patriarken av Venezia.[1]

Den noverande Markuskyrkja er ein basilika bygd i tidsrommet 1060-1100, med ei rekkje seinare tillegg. Hovudfasaden har ei ornamentert takline i hovudsakleg gotisk stil. Inne er kyrkja dekorert i gull-mosaikkar som det tok hundreår å fullføra. Som eit gulldekorert symbol på venetiansk makt og rikdom har kyrkja vore kjend som 'Gullkyrkja' (Chiesa d'Oro) sidan 1000-talet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Demus, Otto. The Mosaic Decoration of San Marco Venice (1 volume version, red. Herbert L. Kessler), University of Chicago Press, 1988, ISBN 0226142922, s. 1
  2. Fodor's Italy 2011. Random House Digital, Inc. May 31, 2011. s. 190. ISBN 9780307928528. 
Spire Denne arkitekturartikkelen som har med religion og Italia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.