Bysantinsk arkitektur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkja San Vitale (frå 526-547) i Ravenna i Italia er eit døme på bysantinsk arkitektur.
Kyrkja Sankt Jakob frå 400-talet i Mastara i Armenia.

Bysantinsk arkitektur er den arkitekturen som utvikla seg i Det bysantinske riket som oppstod etter at Romarriket vart oppdelt i en vestleg og ein austleg lut, og Konstantinopel (Bysants) vart hovudstaden i det austromerske riket frå år 330 e.Kr. Det er i Konstantinopel (no Istanbul) dei viktigaste døma på bysantinsk arkitektur er å sjå, med Hagia Sofia som det mest storslåtte. Men bysantinsk kunst og arkitektur prega òg dei områda som no er Bulgaria, Serbia, Russland, Armenia og Georgia, og har på ulikt vis òg gjort seg gjeldande i land i Vest-Europa i gamal og nyare tid.

Den tidlege bysantinske arkitekturen er i hovudsak eit framhald av den romerske arkitekturen. Under påverknad av austlege element utvikla det seg etter kvart ein særeigen stil ved at den greske krossen (den likearma krossen) vart teken i bruk som grunnplan for kyrkjene, og at teglstein tok over for naturleg stein som byggjemateriale. Dessuten vart den klassiske søyleordninga oppmjuka og nytta på meir fritt vis, samstundes som stendig meir komplekse kuppel-løysingar vart utvikla, og store mosaikkbilete på veggar og i kuplar vart eit sers viktig innslag i utsmykkinga.

Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Basilikaen stamma frå oldkristen tid og dominerte bysantinsk arkitektur i byrjinga. Sidan blei kuppel-dekka kross-sentralkyrkjer dominerande. Hagia Sofia i Konstantinopel (532–537) er eit av hovudverka innan denne arkitekturen, og dannar et kompromiss mellom sentralkyrkja og den eldre basilika-typen. Ei meir typisk sentralkyrkje frå same tid er den oktogonale San Vitale i Ravenna (546–548). Eit døme på krosskyrkja var den no ødelagte Apostelkyrkja i Konstantinopel (536–546). Ho hadde fem kuplar, og inspirerete mellom anna San Marco-kyrkja i Venezia.

Etter den ikonoklastiske perioden (726–843) var ulike typar sentralkyrkjer særleg populære. Dei kunne ha polygonal form eller, noko som var meir vanleg, ha form som ein [[gresk kross## som ofte er innskriven i eit kvadrat. Ein kuppel kvelver seg over kryssingspunktet, og krossarmane kan også vera overkvelva av kuplar eller halvkuplar. Stundom kunne ein byggja fleire mindre kyrkjer saman, som i Pantokrator-kyrkja i Konstantinopel (1100-talet), der tre kyrkjer ligg side om side.

Dei mellom- og seinbysantinske kyrkjene er gjerne bygd av teglstein som kan liggja i mønster i ytterveggene, mens innerveggane var kledd med marmorplater eller dekte av mosaikkar eller fresker. Dei bysantinske kyrkjene frå denne perioden er gjennomgåande mindre enn dei samtidige vesteuropeiske domkyrkjene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne arkitekturartikkelen som har med kunst og historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.