Marlies Schild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marlies Schild


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 31. mai 1981 (42 år)
Admont
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2006 – Slalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2010 – Slalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2014 – Slalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2006 – Kombinasjon kvinner

Marlies Schild i 2014

Marlies Schild (fødd 31. mai 1981) er ein austerriksk tidlegare alpinist, fødd i Admont i Steiermark, som vann to VM-gull og i alt 11 medaljar i ulike alpin-VM og OL i tida 2003-14. Ho vann 35 slalåmrenn i verdscupen og sikra seg FIS-pokalen som verdas beste kvinnelege slalåmrennar fire gongar; 2007-08, 2011-12. I sin beste sesong i verdscupen i alpine greiner 2007, kom ho på andreplass etter landskvinna Nicole Hosp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Schild slo seg inn i verdseliten i slalåm vinteren 2003. Under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz tok ho sølvmedaljen i slalåm, Janica Kostelić frå Kroatia vart verdsmeister. På seinvinteren 2004 tok ho i Sestriere sin fyrste siger i eit verdscuprenn.

Under VM 2005 i Santa Caterina fekk ho bronse i kombinasjonen, slått av Janica Kostelić og svenske Anja Pärson. Året etter tok ho under Vinter-OL 2006 i Torino sølv i kombinasjonen, Janica Kostelić vann på ny. Få dagar seinare tok ho olympisk bronse i slalåm, bakom Anja Pärson og Nicole Hosp.

I verdsmeisterskapen i alpine greiner 2007 i Åre fekk ho sølvmedaljen i slalåm og bronsemedaljen i superkombinasjonen. Til sist deltok ho på det austerrikske laget som vann gull i lagkonkurransen. Ho vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 2007, og viste seg som den beste slalåmrennaren gjennom sesongen. Posisjonen som verdas beste kvinnelege slalåmspesialist beheldt ho i 2008-sesongen. Grunna beinbrot gjekk sesongen 2009 fløyten.

Schild vann ein ny sølvmedalje i slalåm under vinterleikane 2010, tyske Maria Riesch vann gullet. I 2011-sesongen var ho tilbake som verdas beste slalåmrennar i verdscupen, og endeleg vart ho verdsmeister i yndlingsgreina då VM i alpine greiner vart avvikla i Garmisch-Partenkirchen. I tillegg fekk ho med seg ein VM-bronse i lagtevlinga.

Også i 2012-sesongen vann Schild FIS-pokalen som den beste kvinna i slalåmløypa. Den 29. desember 2013 vann ho sin 35. slalåmsiger i verdscupen, rekord for kvinner i den greina. Samstundes var det hennar 37. og siste siger i verdscupen i alpine greiner, nærare ti år etter den fyrste triumfen i turneringa. Under Vinter-OL 2014 i Sotsji tok ho si sjette slalåm-medalje i dei store meisterskapane, fordelt på eitt gull, fire sølv og ein bronse.

Ho la opp etter OL-sesongen 2014. Sidan 2015 er ho gift med Benjamin Raich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar