Nicole Hosp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nicole Hosp
Nicole Hosp Semmering 2008.jpg
Fødd 6. november 1983
Ehenbichl
Yrke alpinist
Nicole Hosp på Commons

Nicole Hosp (fødd 6. november 1983) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Ehenbichl i Tirol. Ho vann verdscupen i alpine greiner 2007 og vart verdsmeister i storslalåm same sesongen, samt i lagøvinga i 2013 og 2015. I åra frå 2003 til 2015 sikra ho seg i alt 12 medaljar i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar; tre gull-, fem sølv- og fire bronsemedaljar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hosp debuterte i den alpine verdscupen i eit slalåmrenn i Garmisch-Partenkirchen 18. februar 2001. Den 26. oktober 2002 vann ho storslalåmrennet i sesongopninga i Sölden. Under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz tok ho sølvmedaljen i kombinasjonen og bronsen i slalåm-tevlinga. Ved alpint-VM 2005 i Santa Caterina vart ho nummer fem i storslalåm, og deltok i slalåm for Austerrike i lagtevlinga, noko som enda med sølvmedalje.

Ho var lenge spesialist i dei tekniske øvingane, slalåm og storslalåm, men 20. januar 2006 deltok ho for fyrste gong i eit verdscuprenn i super-G, og enda på tredjeplass. Under Vinter-OL 2006 tok ho sølv i slalåm, svenske Anja Pärson vann gullet.

I VM i alpine greiner 2007 i Åre vart Hosp verdsmeister i storslalåm, og tok bronsemedaljen i utfor. Gjennom 2007-sesongen viste ho seg som verdas beste kvinnelege alpinist og tok heim verdscup-pokalen for 2007 med 1572 poeng, 90 fleire poeng enn landskvinna Marlies Schild.

Etter Hosp vart kneskadd i Aspen i Colorado i slutten av november 2008, skulle det gå fleire sesongar før ho atter kunne måle seg mot verdseliten. Under VM i alpine greiner 2013 i Schladming deltok ho på Austerrike sitt sigerrike mannskap i lagøvinga, og ho kom på tredjeplass i superkombinasjonen. Også under Vinter-OL 2014 i Sotsji tok ho ein bronsemedalje, då i super-G.

Den 30. november 2014 sigra Hosp i sitt 12. renn i verdscupen, nærare sju år etter den forrige rennsigeren. Ho vann då slalåmrennet i Aspen, nesten på dagen seks år etter ho vart skadd same staden. I VM i alpine greiner 2015 kneip ho sølvmedaljen i den alpine kombinasjonen og tok gull i lagøvinga. Ved sesongslutt la ho opp som skirennar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar