Marry the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marry the Night
Singel av Lady Gaga
frå albumet Born This Way
Utgjeve 15. november 2011
Innspelt 2010; Studio Bus
Sjanger Dance-pop, house, electro-rock
Lengd 4:25
Selskap Streamline, Interscope, Kon Live.
Låtskrivar(ar) Stefani Germanotta, Fernando Garibay[1]
Produsent Lady Gaga, Fernando Garibay

«Marry the Night» er ein song av den amerikanske artisten Lady Gaga. Han blei utgjeven som den femte og siste singelen frå det andre studioalbumet hennar, Born This Way (2011). Songen blei skriven og produsert av Lady Gaga og Fernando Garibay, og blei spelt inn på turnébussen under The Monster Ball Tour med Garibay. Som avslørt i februar 2011, blei songen inspirert av energien i Gaga sin førre song, «Dance in the Dark», og kjærleiken til heimbyen hennar, New York. Songen blei utgjeven til marknadsføring på Farmville, seks dagar før utgjevinga av Born This Way.

«Marry the Night» er ein dance-popsong påverka av electro-rock og house. Sporet har elektroniske kyrkjeklokker, ein drivande electro-orgellyd, technorytme og ein funk rock-påverka breakdown. Songen fekk stort sett positive tilbakemeldingar frå kritikarar. Singelen blei ein av Gaga sine lågast rangerte på verdsbasis. Han nådde nummer 29 på Billboard Hot 100-lista i USA, den første og hittil einaste singelen til Lady Gaga som ikkje kom på minst topp ti der.

Lady Gaga regisserte musikkvideoen, som blei filma i New York City. Ho har framført songen under Formel 1 i India, MTV Europe Music Awards, for det britiske fjernsynsprogrammet X Factor og ved andre høveForm

Skriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Marry the Night» vart skriven av Lady Gaga og Fernando Garibay medan dei var på The Monster Ball Tour, og vart produsert av begge to. Songen var fyrst nemnt av Lady Gaga som eit spor på Born This Way, på Ryan Seacrest sitt radioshow, der ho skildra songen som ein av favorittane sine på albumet.[2]

Gaga ville ha ein ny musikksjanger, og gjorde det klårt at ho ikkje ville at fansen skulle like songen. Ho ville skrive ein song som kunne skildre kor ho hadde kome med Born This Way og med livet sitt. I eit intervju med NME forklarte Gaga at hovudinspirasjonen bak songen var songaren Whitney Houston og la til: «Denne songen handlar om meg som reiser tilbake til New York. Eg skreiv om motet eg måtte ha for å seie 'eg hatar Hollywood, eg vil berre leve i Brooklyn og lage musikk'».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Marry the Night» fekk fleire positive meldingar frå kritikarar. Stephen Thomas Erlewine i Allmusic gav songen ei positiv vurdering, og syntest den «glitrar med ein neonpuls».[3] Sal Cinquemani i Slant Magazine kalla «Marry the Night» eit stand-out-spor på albumet og syntest den var «ein verdig etterfølgjar til Dance in the Dark[4] Christian Blauvelt i Entertainment Weekly samanlikna songen med arbeidet atv den italienske plateprodusenten Giorgio Moroder.[5] Caryn Ganz i Spin var imponert over sporet.[6] Tim Jonze i The Guardian samanlikna refrenget med songen "It's My Life" av Dr. Alban.[7]

Evan Sawdey i Popmatters gav songen ei negativ vurdering, m.a. grunna «den meiningslause instrumentaldelen etter 3:30».[8] Kerri Mason frå Billboard fann påverking av gotisk rock i songen, men gjekk vidare til å kalle det «kompromisslaus disco-driven pop» som kunne ha vore eit produksjonsnummer på Gaga sitt debutalbum The Fame (2008).[9] Robert Copsey frå nettstaden Digital Spy kalla songen eit «elektro-dundrande nummer med euforiske synthar og oppløftande melodi».[10] Han syntest òg at songen var fengande.[10]

Spor/Versjonar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Marry the Night" (Album Version) – 4:24
  2. "Marry the Night" (David Jost & Twin Radio Remix) – 3:31
  • UK 7" Picture Disc[13]
  1. "Marry the Night" (The Weeknd & Illangelo Remix) – 4:04
  2. "Marry the Night" (Totally Enormous Extinct Dinosaurs 'Marry Me' Remix) – 5:49
  • Marry the Night – The Remixes[14]
  1. "Marry the Night" (Zedd Remix) – 6:14
  2. "Marry the Night" (Sander van Doorn Remix) – 5:38
  3. "Marry the Night" (Afrojack Remix) – 9:18
  4. "Marry the Night" (John Dahlback Remix) – 5:19
  5. "Marry the Night" (Sidney Samson Remix) – 4:44
  6. "Marry the Night" (R3hab Remix) – 4:54
  7. "Marry the Night" (Lazy Rich Remix) – 5:43
  8. "Marry the Night" (Dimitri Vegas & Like Mike Remix) – 5:58
  9. "Marry the Night" (Quintino Remix) – 5:52
  10. "Marry the Night" (Danny Verde Remix) – 7:45
  • Marry the Night (The Remixes) - Single
  1. "Marry the Night" (David Jost & Twin Radio Remix) – 3:31
  2. "Marry the Night" (Totally Enormous Extinct Dinosaurs 'Marry Me' Remix) – 5:49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. "Poker Face" writing credits (Engelsk). BMI. Vitja 30. mars 2013.
  2. Lady Gaga: Whitney Houston Was My Vocal Idol Growing Up (Engelsk). On Air with Ryan Seacrest (14. februar 2011). Vitja 30. mars 2013.
  3. Born This Way – Lady Gaga | AllMusic (Engelsk). Allmusic. Vitja 30. mars 2013.
  4. Lady Gaga: Born This Way | Music Review (Engelsk). Slant Magazine (18. mai 2011). Vitja 30. mars 2013.
  5. Lady Gaga's 'Born This Way' album leaks in full: To listen or not to listen? (Engelsk). Time Inc. (18. mai 2011). Vitja 30. mars 2013.
  6. Lady Gaga, 'Born This Way' (Engelsk). Spin LLC (2011). Vitja 30. mars 2013.
  7. Lady Gaga: Born This Way – review (Engelsk). The Guardian (27. mai 2011). Vitja 30. mars 2013.
  8. Lady Gaga: Born This Way < PopMatters (Engelsk). PopMatters (27. mai 2011). Vitja 30. mars 2013.
  9. Lady Gaga 'Born This Way': Track-By-Track Review (Engelsk). Billboard, Prometheus Global Media (23. mai 2011). Vitja 30. mars 2013.
  10. 10,0 10,1 Lady GaGa's 'Born This Way' album: First listen (Engelsk). Digital Spy (11. mai 2011). Vitja 30. mars 2013.
  11. «Lady Gaga: Marry the Night (2-Track)» (på German). Amazon.de. http://www.amazon.de/Marry-Night-2-Track-Lady-Gaga/dp/B0065HAG8S/. Henta 2011-11-28. 
  12. «Marry the Night (Import)». Amazon.com. http://www.amazon.com/Marry-Night-Lady-Gaga/dp/B0065HAG8S/ref=sr_1_2?s=music&ie=UTF8&qid=1323229437&sr=1-2. 
  13. «Marry the Night 7" Picture Disc Vinyl». Universal Music UK. http://store.universal-music.co.uk/euro/vinyl/lady-gaga-marry-the-night-7-picture-disc-vinyl/invt/0602527894638/. 
  14. «Marry the Night: The Remixes». Amazon.com. 2011-12-20. http://www.amazon.com/gp/product/B006JTY2EG/.