Marsjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Marsjen (originaltittel The March) er ein britisk dramafilm frå 1990 produsert for TV av BBC. Regien er ved David Wheatley. Hovudrolla vert spelt av Juliet Stevenson, medan andre sentrale roller vert spelt av Malick Bowens, Joseph Mydell og Sverre Anker Ousdal. Filmen handlar om ein kvart million flyktningar som legg ut på ein nesten 5000 km lang mars frå Sudan til Europa. Dei vert leia av ein karismatisk person som motiverer dei gjennom slagordet «Vi er fattige fordi de er rike».

Som i Storbritannia (og mange andre land) vart filmen òg i Noreg vist på TV under vignetten «Ei verd for alle» (One world week). Dette var ei internasjonal tema-veke der fokuset var på flyktningar, den tredje verda, det vestlege forbrukarsamfunnet, omgrepet berekraftig utvikling og den felles framtida til menneska.

Det har vorte peikt på likskapstrekk mellom filmen og den franske framtidsromanen Le Camp des Saints, skriven av Jean Raspail i 1973. Filmskaparane har likevel presisert at han ikkje er basert på denne boka og at dei heller ikkje hadde nokon kjennskapar til han på det tidspunktet filmen vart laga.[1] Det er òg ein fundamental skilnad mellom boka og filmen. Medan filmen har eit sympatisk syn på flyktningane og problemstillinga deira, så blir dei framstilt i boka som ein destruktiv «flodbølge» som skyljer over Frankrike og den vestlege sivilisasjonen. Boka har ein dystopisk stil og skildrar undergangen i den vestlege verda. Boka har i ettertid oppnådd ein viss popularitet hos innvandringsmotstandarar, høgreradikale og rasistar.[2]

Filmen fekk fornya aktualitet i samband med flyktningstraumen til Europa i 2015.[3]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Ei aukande mengd afrikanarar samlar seg i leirar i Sudan på grunn av ei langvarig tørke forårsaka av global oppvarming. Gruppa veks og tel omsider ein kvart million menneske. Under slagordet «Vi er fattige fordi de er rike» overtalar den karismatiske leiaren Ist (Malick Bowens) dei til å leggja ut på ein nesten 5000 km lang marsk til Europa. Marsjen tiltrekkjer seg stor internasjonal merksemd og ein ivrig kvinneleg EU-kommisjonær freistar å tala flyktningane si sak. Samtidig kjem dei til Middelhavskysten og tek seg over til Europa i båtar. Omsider når dei kysten og går i land i eit sør-europeisk land, men der endar ferda brått.

Rollebesetjing[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Malick Bowens ... Ist El-Mahdi
  • Juliet Stevenson ... Clare Fitzgerald
  • Joseph Mydell ... Marcus Brown
  • Dermot Crowley ... Roy Cox
  • Jean-Claude Bouillon ... J.M. Limonier
  • Sverre Ankar Ousdal ... Tom Epps

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Must It Be the Rest Against the West?». The Atlantic
  2. «Racist Book, Camp of the Saints, Gains in Popularity». SPLCenter (21.3.2001).
  3. «Fire grunner til at det er viktig å tenke nytt om flyktningsituasjonen» (11.11.2015). Thomas Hylland Eriksen i Aftenposten: «Det siste halvåret har mange kommet i tanker om filmen The March (1990), der flere hundre tusen afrikanere marsjerer mot Europa under slagordet 'Vi er fattige fordi dere er rike'.»