Martin Andresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martin Andresen
Martin Andresen 04.jpg
Fullt namn Martin Andresen
Fødd 2. februar 1977
Ski i Noreg
Høgd 180 cm
Posisjon Sentral midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Vålerenga Fotball
Draktnummer 8
Ungdomsklubb
Kråkstad IL
Ski IL
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995–96
1997
1998–99
1999–2000
2000
2001–03
2003–04

2004
2005–2007
2008–no
Flagget til Noreg Moss F.K.
Flagget til Noreg Viking F.K.
Flagget til Noreg Stabæk
Flagget til England Wimbledon
Flagget til Noreg Molde FK (utlån)
Flagget til Noreg Stabæk
Flagget til England Blackburn Rovers (utlån)
Flagget til Noreg Stabæk
Flagget til Noreg SK Brann
Flagget til Noreg Vålerenga Fotball
45 (10)
26 (8)
52 (16)
14 (1)
09 (1)
74 (15)
11 (0)

13 (1)
59 (9)
27 (2)
Landslag**
1995–98
2001–i dag
Noreg Noreg U21
Noreg Noreg
24 (4)
41 (3)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 7. april 2009.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 7. mars 2009.

Martin Andresen (fødd 2. februar 1977) er ein norsk fotballspelar som spelar på den sentrale midtbanen til Vålerenga der han også er manager. Han har i tillegg vore kaptein på det norske landslaget.

Andresen starta fotballkarrieren sin på 2. divisjonslaget Ski, etter dette nokre korte periodar i Moss og Viking, før han kom til Stabæk i 1997. Andresen vart raskt ein nøkkelspelar på Nadderud, og danna saman med Tommy Svindal Larsen det mange rekna som den beste midtbaneoppstillinga i Tippeligaen. Andresen vart cupmester i 1998 då Stabæk noko overraskande slo Rosenborg i finalen.

Hausten 1999 vart Andresen kjøpt av den engelske klubben Wimbledon, der Egil «Drillo» Olsen var manager. Opphaldet i Wimbledon vart likevel lite vellykka, og etter berre éin sesong vart han leigd ut til Molde. Også i Molde sleit Andresen med å etablere seg fast på laget, og han vende derfor seinare attende til Stabæk.

Andresen hadde den beste sesongen sin i 2003, då han vart rekna som den viktigaste bidragsytaren til at Stabæk tok bronsemedalje i serien. Han vart kåra til årets spelar, både av spelarkollegaene og dei fleste avisene. Han etablerte seg også på landslaget dette året, og returnerte til England der han i ein periode var på utlån til Blackburn, før han nok ein gong returnerte til Stabæk. Etter at Stabæk rykte ned til 1. divisjon i 2004, vart Andresen kjøpt av Brann 23. desember 2004. Same år vart han også utnemnd til landslagskaptein av Åge Hareide.

I 2005 etablerte Andresen seg straks som sjef på den sentrale midtbanen hos Brann, men mista mange kampar på grunn av skadeproblem. Andresen gjekk til Vålerenga som spelande managar etter sesongen 2007.

Andresen er med sin eigardel på 22,5 prosent ein av dei største eigarane av møbel- og eigendomskonsernet Skeidar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]