Hopp til innhald

Martin Fourcade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Fourcade


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 14. september 1988 (36 år)
Céret
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i Junior-VM i skiskyting 2007, Junior-VM i skiskyting 2008, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart menn, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn
Utmerkingar Ridder av Æreslegionen, Holmenkollmedaljen, ridder av Den nasjonale fortjenstorden, offiser av Æreslegionen

Martin Fourcade (fødd 14. september 1988) er ein fransk skiskyttar frå Perpignan i Languedoc-Roussillon. Han har fem VM-gull og vann verdscupen i skiskytingbåde i 2012 og 2013. Skiskyttaren Simon Fourcade er ein eldre bror.

Fourcade fekk sitt gjennombrot då han under vinter-OL 2010 tok sølvmedaljen på fellesstarten, vel ti sekundar bak vinnaren Jevgenij Ustjugov frå Russland. Nokre veker etter vinterleikane fekk han sin fyrste pallplass i verdscupen, ein tredjeplass i den såkalla sprint-tevlinga i Kontiolahti. Plasseringa viste seg å vere utgangspunktet for hans fyrste siger i verdscupen, med ein strafferunde på jaktstarten gjekk han heilt til topps.

Han vann jaktstarten under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk, etter han fyrst tok sølv på 7,5 km, og fekk elles ein bronse med det franske laget i mix-stafett. Året etter vann han både sprinten (7,5 km), jaktstarten og fellesstarten under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding, og tok sølv med Frankrike i 4x7,5 km stafett.

Martin Fourcade i 2010

Allereie i 2011 kom Fourcade på tredjeplass i verdcupen i skiskyting. Fourcade vann så verdscupen i skiskyting for 2012] etter å ha vunne ni renn. I 2013 kopierte han sigeren i verdscupen, då vann han heile ti renn. Både i 2012 og -13 hadde han sterkast konkurranse av Emil Hegle Svendsen. Pr 31. januar 2014 har Fourcade vunne 26 renn i verdscupen.

I VM i skiskyting 2013 i Nové Město tok Fourcade tre strake sølvmedaljar, på høvesvis mix-stafett, 7,5 km og 12,5 km jaktstart, der førnemnde Svendsen i alle tre øvingane stod øvst på sigerspallen. Fourcade vann så gullmedaljen på 20 km.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar