Hopp til innhald

Jevgenij Ustjugov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jevgenij Ustjugov


Statsborgarskap Russland
Fødd 4. juni 1985 (39 år)
Krasnojarsk
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Stafett menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn

Utmerkingar

Æresordenen, Venskapsordenen

Jevgenij Romanovitsj Ustjugov (fødd 4. juni 1985) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Krasnojarsk. Han vann individuelt OL-gull på fellesstarten under Vinter-OL 2010 i Vancouver og vart så olympisk meister i stafett under Vinter-OL 2014 i Sotsji.

Ustjugov fekk sitt gjennombrot då han vann jaktstarten i verdscupen i skiskyting i Pokljuka i 2009. Sidan gjekk han til topps på sprinten i Oberhof i januar 2010, før han vart olympisk meister i 15 km fellesstart då vinterleikane fann stad i Whistler ved Vancouver. Året etter kjempa han drabeleg om å gjenta triumfen på fellesstarten under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk, men måtte gje tapt mot norske Emil Hegle Svendsen kort før målgang.

Ustjugov fekk ein bronsemedalje i 4 x 7,5 km stafett under OL 2010, ein VM-sølv i same øvinga i 2011, før han, saman med Aleksej Volkov, Dmitrij Malysko og Anton Sjipulin vann gull for Russland under dei olympiske leikane i Sotsji i 2014. Utsjugov la opp som skiskyttar etter OL-sesongen.

I februar 2020 vart Ustjugov diskvalifisert av IBU (International Biathlon Union) frå alle resultat i sesongen 2013/2014 på grunn av doping.[1][2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russia's Evgeny Ustyugov stripped of Sochi 2014 gold medal for doping» (på engelsk). BBC. 2020-02-15. Arkivert frå originalen 1. juni 2022. Henta 26. januar 2023. «Russian biathlete Evgeny Ustyugov has been stripped of the relay gold medal he won at the 2014 Sochi Olympics after being found guilty of doping by the International Biathlon Union (IBU). Ustyugov, 34, who retired in 2014, has had his results for the 2013-14 season annulled after a sample taken in 2013 tested positive for a steroid. Compatriot Svetlana Sleptsova has also been found guilty of doping and had her 2013-14 biathlon results removed.» 
  2. «Yevgeny Ustyugov» (på engelsk). olympedia.org. Henta 26. januar 2023. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]