Hopp til innhald

Khanty-Mansijsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khanty-Mansijsk
Ханты-Мансийск
by
Oppstandelseskyrkja i Khanty-Mansijsk.
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Khanty-Mansia
Areal 337,7604 km²
Folketal 105 995 (2022)
Grunnlagd 1930
 •  Bystatus 1950
Retningsnummer (+7) 34671
Kart
Khanty-Mansijsk
61°N 69°E / 61°N 69°E / 61; 69
Wikimedia Commons: Khanty-Mansiysk

Khanty-Mansijsk (russisk Ханты-Мансийск) er ein by i Vest-Sibir i Russland, og hovudstad i det autonome distriktet Khanty-Mansia. Folketalet er om lag 105 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd i 1930 som tettstaden Ostjako-Vogulsk. I 1940 skifta han namn til Khanty-Mansijsk, og i 1950 fekk han bystatus. Han ligg ved elva Irtysj. Dei siste åra har byen sin økonomi nytt godt av store oljeinntekter. I 2003 arrangerte byen verdsmeisterskapen i skiskyting, og her vert jamleg arrangert verdscuprenn i skiskyting.

Distriktet har status som autonomt distrikt fordi det er sentrum i området for khantyane og mansiane, talarane av dei ob-ugriske språka khantisk og mansisk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Khanty-Mansijsk