Martin Simpson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Simpson
Martin Simpson, Costa del Folk, Benalmadena 2015 (16851361026).jpg
Fødd5. mai 1953 (68 år)
FødestadScunthorpe
FødenamnMartin Stewart Simpson
OpphavEngland
Aktiv1970-
SjangerBlues, Folk
InstrumentGitar, banjo, vokal
PlateselskapTopic Records
Verka somlåtskrivar, singer-songwriter

Martin Stewart Simpson (fødd 5. mai 1953) er ein engelsk folkesongar, gitarist og låtskrivar.[1] Musikken hans reflekterer eit breitt utval av påverknadar og stilar, med opphav i Storbritannia, Irland, Amerika og meir.[2] Han byggjer ei målretta, ofte optimistisk stemma oppå eit sparsamt fingerspel.[3]

Ifylgje diskografien hans, har Simpson gjeve ut som solomusikar (21 album), som øktmusikar (16 album), i samarbeid (9 album), i kompliasjonar, direkte og framføringar og instruksjons DVD-ar. Han har også publisert ei bok. Mellom 2002 og 2010, har han også motteke fleire utmerkingar blant BBC Radio 2 Folk awards.[4]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Martin Simpson vart fødd i Scunthorpe i Lincolnshire i England.[5] Han vart tidleg interessert i musikk, lærte seg å spela gitar og banjo og framførte på lokale folk klubbar. I 1970 droppa han ut av John Leggott College[6] for å verta fulltidsmusikar.

Martin Simposn som spelar banjo

I 1976 spelte han inn sitt fyrste soloalbum, Golden Vanity.[1] Det same året opna han for Steeleye Span då dei turnerte i Storbritannia. Han framførte med Ashley Hutchings Albion Band i 1979. Han turnerte og framførte også med folkesongaren June Tabor, som sjølv ikkje spelte nokon instrument.[1] Dei spelte seinare inn tre album saman.

I 1987 flytta han til Bloomington i Indiania og gifta seg med den amerikanske songaren Jessica Radcliffe.[1] Kort tid etter flytta dei til Ithaca i New York. Han heldt fram med å spela inn ei blanding av tradisjonelt og meir moderne materiale, inkludert fleire heilt instrumentale album. Arbeid verd å merkja seg på 1990-talet inkluderte i 1995 eit album med det kinesiske instrumentet pipa spelt av Wu Man, Music for the Motherless Child. Albumet vart produsert i ei enkel økt, mellom klokka 19:00 og 2:30,[7] og albumet blandar vestlege og kinesiske improvisasjonsmetodar, sjølv om fem av dei seks spora kjem frå britiske eller amerikanske tradisjonar. På same måte var Kambara Music in Native Tongues med David Hidalgo (frå Los Lobos) og fiolinist Viji Krishnan, ei blanding av hinduiske og moderne songar.

Martin Simpson

Fyrst i 1999 spelte han inn fleire av sine eigne komposisjonar på Bootleg USA. Det var då, saman med Jessica Radcliffe, at han var med på å grunnleggja eit plateselskap kalla High Bohemia. Under sitt besøk i Storbritannia i 1994, spelte han inn Martin Simpson Live in Oxford. I 1999 var han sesjonsmusikar for eit album av den walisiske songaren Julie Murphy. The Bramble Briar (2001) var ei vending til det grunnleggjande, ei samling av engelske tradisjonelle folkesongar.

I 2003 vart Righteousness and Humidity gjeve ut, eit sett som nesten utelukkande fokuserte på musikk frå Deep South i USA, spelt på ei rekkje instrument og med Rick Kemp frå Steeleye Span. Denne innspelinga vart nominert til årets BBC-pris for folk-album i 2004. Simpson vann BBC Radio 2 Folk Awards i 2004 i kategorien for beste musikar. Så kom albumet Kind Letters i 2005, der han igjen utvinn dei rike saumane til engelsk folkemusikk som viste seg så fruktbare i The Bramble Briar (2001).

I 2007 gav Simpson ut Prodigal Son. BBC Radio 2 Folk Awards kåra albumet til beste album i 2008. fRoots-kritikarar kåra det til det 7. beste nye albumet i 2007. Det er ei blanding av tradisjonelle songar og Simpson-originalar, høgdepunkta har ein tydeleg søramerikansk smak. Jackson Brownie, Kate Rusby og Kellie While var gjestane på dette. I desember 2007 opptredde han på Later... with Jools Holland.

Simpson har skrive instruksjonsbøker for gitar og spelt inn gitarrettleiingar på DVD. Karrieren hans vart ein full sirkel i 2003 då han slo seg saman med June Tabor igjen. I 2004 overraska han alle ved å opptre på ein konsert i Nettlebed i Oxford, der han spelte banjo heile kvelden utan å ta i ein gitar. Ei lesarundersøking av magasinet Acoustic Guitar stemde han som nummer 12 i verda i 2005.

Framføringar for allmogen inkluderer ein opptreden i 2007 i Jolls Holland sitt BBC-show og ein halvtimes sett på The Proms 20. juli 2008 kringkasta på BBC4. I 2015 gav Simpson ut Murmurs med Andy Cutting og Nancy Kerr. I oktober 2016 gjorde Simpson eit samarbeid med Dom Flemons (tidlegare Carolina Chocolate Drops) for å gje ut A Selection of Ever Popular Favourites.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Simpson har vorte nominert 23 gonger på 11 år av BBC Radio 2 Folk Awards, inkludert ni gonger etter kvarandre. Artist Of The Year har han vunne to gonger. Albumet hans Prodigal Son vart kåra til årets beste album i 2008, og ein song frå albumet Never Any Good vart kåra til årets beste originale song.

Den medfylgjande boka til Topic Records sitt 70-årsjubileum-bokssett Three Score and Ten viser Prodigal Son som eit av dei klassiske albuma til selskapet. «Never any good» frå albumet er spor sju på den femte disken i boksen og «Masters of War» frå Grinning in Your Face er spor fire på den sjette disken. Simpson var sesjonsmusikar på June Tabor sitt album Aqaba, som er eit anna av dei klassiske albuma.

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Mens han var mest kjend som akustisk gitarist, byrja Simpson som banjospelar, og spelar også elektrisk gitar. Han er kjend som ein av verdas leiande eksponentar for Slidegitar. Hans viktigaste ytelsesinstrument er:

Slidegitar
  • Paul Reed Smith Angelus - Simpson støttar for tida PRS akustiske gitarar, og hans signaturmodell er tilgjengeleg for kjøp.
  • Stefan Sobell Martin Simpson signaturmodell - i mange år vart Simpsons viktigaste gitarar laga av den britiske instrumentmakaren Stefan Sobell.
  • Wolfram guitar slide - Simpson brukar ein spesiell Wolfram Martin Simpson signatur slide, laga av solid wolframkarbid

Han er kjend for å ha eigd og spelt gitarar av ei rekkje anarkjende amerikanske instrumentmakarar som Ervin Somogyi, Jeff Traugott og Bill Tippin og av britiske instrumentmakarar som Ralph Bown.

Diskografi💿[endre | endre wikiteksten]

Paul Reed Smith-signatur

Solo album[endre | endre wikiteksten]

  • Golden Vanity (1976)
  • Special Agent (1981)
  • Grinning in Your Face (1983)
  • Sad or High Kicking (1985)
  • Nobody`s Fault But Mine (1986)
  • The Pink Suede Bootleg (Avgrensa utgåve kassett - 1987)
  • Leaves of Life (1989) - Instrumentalar.
  • When I Was on Horseback (1991)
  • A Closer Walk with Thee (1994)
  • Smoke and Mirrors (1995)
  • Cool and Unusual (1997) - Hovedsakeleg britiske tradisjonelle balladar.
  • Bootleg USA (199)
  • The Bramble Briar (2001)
  • Righteousnes and Humidity (2003) - samling av amerikansk blues, spelt på akustisk gitar, steelgitar og banjo.
  • Kind Letters (2005)
  • Music of Ireland: Airs, Jigs, Reels, Hornpipes and Marches (2005)
  • Prodigal Son (2007)
  • True Stories (2009)
  • Purpose + Grace (2011) (UK-topp: #106)
  • Vagrant Stanzas (2013)
  • Trails & Tribulations (2017)
  • Rooted (2019)
  • Home Recordings (2020)
Martin Simpson, Underneath the Stars Festival, Cannon Hall Farm, Cawthorne (19458672534).jpg

Direkte[endre | endre wikiteksten]

  • Live (recorded 1994, Oxford) (1997)
  • 61 Highway (1999)

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Martin og Jessica Ruby Simpson

  • True Dare or Promise (1987)
  • Red Roses (1995)
  • Band of Angels (1996)

Martin Simpson og June Tabor

  • A Cut Above (1980)

Martin Simpson og Wu Man

  • Music for the Motherless Child (1996)

Martin Simpson, David Hidalgo og Viji Krishnan

  • Kambara Music in Native Tongues (1998)

Martin Simpson, Jessica Radcliffe og Lisa Ekstrom

  • Beautiful Darkness (2001)

Martin Simpson, Andy Cutting og Nancy Kerr

  • Murmurs (2015)

Martin Simpson og Dom Flemons

  • A Selection of Ever Popular Favourites

Andre samlingar[endre | endre wikiteksten]

  • The Collection (1992)
  • The Definitive Martin Simpson (2005)
  • Three Score and Ten (2009)
  • The Full English (2013)

Som sesjonsmusikar[endre | endre wikiteksten]

  • Andrew Cronshaw: Earthed in Cloud Valley (Trailer LER 2104) (1977)
  • Hot Vultures: The East Street Shakes (1977)
  • Andrew Cronshaw: Wade in the Flood (Highway LTRA 508) (1978)
  • Hot Vultures: Up The Line (1979)
  • June Tabor: Abyssinians (1983)
  • June Tabor: Aqaba (1988)
  • Albion Band: Lark Rise To Candleford (1980)
  • John & Mary: The Weedkiller's Daughter (1993)
  • Julie Murphy: Black Mountain Revisited (1999)
  • Chris Leslie: The Flow (2002)
  • June Tabor: An Echo of Hooves (2003)
  • June Tabor: At The Wood's Heart (2005)
  • Roy Bailey: Sit Down and Sing (2005)
  • Cara Dillon: After The Morning (2006)
  • Various Artists: Rubber Folk (2006) (Beatles hyllest)
  • Lorne MacDougall: Hello World (2010)

Rolle i Albion Band[endre | endre wikiteksten]

Han var ein av dei mange som spelte med Albion Band under deira opphald på National Theatre i London, og spelte for Bill Brydens selskap, hovudsakleg i Cottesloe-teatret. Han kjem også til synes på innspelinga av musikk frå Lark Rise to Candleford, sjølv om tilskrivingane på albumet er unøyaktige.

DVD-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Acoustic Guitar Instrumentals – Martin Simpson Vol 1 (1993)
  • Martin Simpson Teaches Alternate Tunings (2002)
  • Instrumentals 2 (2005)
  • Martins 4 (2005) – Martin Carthy, Martin Simpson, Martin Taylor og Juan Martin.
  • In Concert at the Freight and Salvage (Berkeley, California) (2005)
  • Guitar Maestros – Martin Simpson (2006)
  • Prodigal Son – The Concert (2009)

Bok[endre | endre wikiteksten]

  • Cool and Unusual: Creative Fingerstyle Guitar Solos (2000).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 1089. ISBN 1-85227-745-9. 
  2. Bush, John. «Martin Simpson». AllMusic. Henta 12. mai 2019. 
  3. Holland, Simon. «Martin Simpson – Vagrant Stanzas». Folk Radio UK. Henta 12. mai 2019. 
  4. Wagner, Erica. «Martin Simpson: "Folk music is like an Olympic sport"». New Statesman. New Statesman Media. Henta 12 May 2019. 
  5. Romero, Angel. «Artist Profiles: Martin Simpson». World Music Central. Henta 13. mai 2019. 
  6. «Significant Alumni». John Leggott College. 2012. Arkivert frå originalen 5. mars 2012. Henta 27. januar 2012. 
  7. Music for the Motherless Child album notes.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]