Ashley Hutchings
Ashley Hutchings | |||
Hutchings med Fairport Convention; august 2007 Foto: Brian Marks | |||
Fødd | 26. januar 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Southgate i Middlesex i England | ||
Fødenamn | Ashley Steven Hutchings | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1964 til i dag | ||
Sjanger | Folk, elektrisk folk | ||
Instrument | Vokal, bassgitar | ||
Tilknytte artistar | Albion Band, Fairport Convention, Rainbow Chasers, Steeleye Span | ||
Plateselskap | Island Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, arrangør, bandleiar, forfattar, plateprodusent |
Ashley Hutchings (fødd 26. januar 1945) er ein engelsk bassist, vokalist, låtskrivar, arrangør, bandleiar, forfattar og plateprodusent.
Hutchings var med på å danne tre av dei viktigaste engelske folkrockbanda, Fairport Convention, Steeleye Span og The Albion Band. Han har delteke i mange musikalske prosjekt, mellom anna innspelingar og teater, og samarbeidd på film- og fjernsynsprosjekt.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tidleg karriere
[endre | endre wikiteksten]Ashley Stephen Hutchings vart fødd i 1945 i Southgate i Middlesex i England, men flytta til Muswell Hill som barn. Som tenåring byrja han å spele skiffle og blues og danna fleire grupper, mellom andre 'Dr K's Blues Band' i 1964. Han møtte gitaristen Simon Nicol i 1966 då dei begge spelte i 'Ethnic Shuffle Orchestra'. Dei øvde i etasjen over legepraksisen til far til Nicol, i eit hus kalla Fairport, og dette førte til namnet på bandet dei danna sidan, Fairport Convention i 1967 i lag med Richard Thompson, som snart inkluderte Martin Lamble, Judy Dyble og Iain Matthews.[1]
Fairport Convention
[endre | endre wikiteksten]Hutchings spelte på dei fire første albuma til bandet. Dei første tre: Fairport Convention (1968), What We Did on Our Holidays (1969) og Unhalfbricking (1969), består stort sett av amerikanske songar og originale songar i liknande stil. Hutchings hadde ein mektig bass-stil og var med på å prege lydbiletet til bandet i denne perioden. Fokuset til bandet endra seg då Dave Swarbrick kom inn i bandet. Han tok med seg fele og eit vell av tradisjonelle songar. Dette fekk Hutchings til å utforske songane i English Folk Dance & Song Society Library i Cecil Sharp House, som førte til klassikaren Liege and Lief (1969), av mange rekna som det viktigaste albumet innan engelsk folkrock. Hutchings var likevel misnøgd med retninga bandet tok, sidan dei fleste i bandet ville attende til det gamle formatet. Han forlet derfor bandet i 1969 for å fokusere meir på tradisjonell musikk.[2]
Steeleye Span
[endre | endre wikiteksten]Det nye bandet til Hutchings var Steeleye Span, som vart sett saman av to etablerte viseduettar, Tim Hart og Maddy Prior med Terry og Gay Woods. Wood-familien forlet bandet kort tid etter debutalbumet Hark! The Village Wait (1970) og vart erstatta av folkemusikarane Martin Carthy og fiolinist Peter Knight. Dei turnerte små konsertstader og spelte inn dei kanskje mest akta albuma deira, Please to See the King (1971) og Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again (1972), begge med elektriske versjonar av tradisjonelle songar. Jo Lustig vart manager for bandet, og han pressa dei i ei meir kommersiell retning, noko som fekk Carthy og Hutchings til å forlate bandet.[3]
The Albion Country Band, Morris On og Etchingham Steam Band
[endre | endre wikiteksten]På dette stadiet hadde den aktive Hutchings alt hatt andre prosjekt på gang. Han samla saman den første besetninga av Albion Country Band, for å akkompagnere den dåverande kona Shirley Collins på solosamlinga hennar, No Roses (1971). Somme av desse samarbeidde med han på albumet Morris On (1972), ei elektrisk hyllest til morrisdansing og andre vart med han i det neste prosjektet hans, Etchingham Steam Band frå 1974-1976. Då dette vart oppløyst tok han opp att Albion Band i 1977, som med mange besetningsendringar framleis spelte inn plater og turnerte fram til 2002.[4]
Andre prosjekt
[endre | endre wikiteksten]Utanom the Albion Band har Hutchings ofte vore gjesteartist på andre sine album. The Morris On-prosjektet fekk fleire oppfølgjarar gjennom karrieren hans: Son of Morris On (1976), Grandson of Morris On (2002) og Great Grandson of Morris On (2004). Det har òg vore fleire danseprosjekt, mellom anna med John Kirkpatrick og andre artistar, The Compleat Dancing Master (1974), Rattlebone & Ploughjack (1976) og Kickin' Up the Sawdust (1977).
I 1984 skreiv og turnerte Hutchings med eit einmannsshow om visesonginnsamlaren Cecil Sharp, som førte til albumet An Hour with Cecil Sharp and Ashley Hutchings, (1986).[5] Frå den tida kombinerte han skriving og forteljing med musikken sin, som i By Gloucester Docks I Sat Down and Wept: A Love Story (1987), som vart produsert som eit show og eit album i 1990. Seint i 1980-åra turnerte han med Ashley Hutchings All Stars, som gav ut konsertalbumet As You Like It (1988). Med Phil Beer og Chris While laga han musikk til fjernsynsserien The Ridge Riders og dette vart gjeven ut på albumet Ridgeriders: Songs of the Southern English Landscape (HTD, 1995). Det vart òg gjort ein kort turne og eit konsertalbum, Ridgeriders in Concert (Talking Elephant, 1996).
I 1990-åra vendte han attende til dei musikalske røtene sine med skiffle og rock and roll, og turnerte og spelte inn med Ashley Hutchings Big Beat Combo, som gav ut albumet Twangin' and a Traddin' (2000). Han gjekk òg tilbake til interessa si for dans, og i tillegg til det pågåande Morris On-prosjektet, danna han The Ashley Hutchings Dance Band som gav ut A Batter Pudding for John Keats (1996). Andre prosjekt var med mellom andre Malcolm Rowe, Folk Your Way to Fitness (1997), Street Cries (2001) og Human Nature (2003).
Rainbow Chasers, Albion Christmas og the Lark Rise Band
[endre | endre wikiteksten]Etter at Albion Band la inn årene i 2002, sette Hutchigns saman ei anna lita gruppe kalla Rainbow Chasers som gav ut tre album, Some Colours Fly (2005), A Brilliant Light (2005) og Fortune Never Sleeps (2006). I 2008 danna han The Lark Rise som spelte inn musikk for det mest suksessfulle showet hans til no og albumet Lark Rise Revisited (2008). Han spelar stadig i juletida med The Albion Christmas Band.[6]
Diskograf
[endre | endre wikiteksten]Albion Country Band, Albion Dance Band and Albion Band
[endre | endre wikiteksten]Albion Morris
[endre | endre wikiteksten]- Still Dancing After All These Years (Talking Elephant, 2003)
Med The Bunch
[endre | endre wikiteksten]- Rock On (Island, 1972)
Fairport Convention
[endre | endre wikiteksten]Rainbow Chasers
[endre | endre wikiteksten]- Sjå Rainbow Chasers
Steeleye Span
[endre | endre wikiteksten]- Sjå Steeleye Span
Ashley Hutchings som produsent og bassist
[endre | endre wikiteksten]- Shirley Collins & The Albion Country Band No Roses (Pegasus, 1971)
- Morris On (Island/Carthage, 1972)
- The Compleat Dancing Master – with John Kirkpatrick (Island, 1974)
- Rattlebone & Ploughjack (Island/Beat Goes On, 1976)
- Son of Morris On (Harvest, 1976)
- Kicking Up the Sawdust (Harvest, 1977)
- An Hour with Cecil Sharp and Ashley Hutchings (Dambuster, 1986)
- By Gloucester Docks I Sat Down and Wept (Paradise and Thorn, 1987)
- The Guv'nor (HTD, 1994)
- As You Like It – with the Ashley Hutchings All Stars (HTD, 1994)
- The Guv'nor vol 2 (HTD, 1995)
- The Guv'nor vol 3 (Castle, 1995)
- The Guv'nor's Big Birthday Bash (HTD, 1995)
- Ridgeriders: Songs of the Southern English Landscape (HTD, 1995) - with Phil Beer and Chris While
- Ridgeriders in Concert (Talking Elephant, 1996) - with Phil Beer and Chris While
- A Batter Pudding for John Keats – with The Ashley Hutchings Dance Band, (HTD, 1996)
- The Guv'nor vol 4 (Castle, 1996)
- Folk Aerobics (HTD, 1997)
- Along The Downs: The Countryside Collection Album (Mooncrest, 2000)
- Street Cries (Topic, 2001)
- The Guv'nor vol 5 (Talking Elephant, 2002)
- Grandson of Morris On (Talking Elephant, 2002)
- Human Nature (Talking Elephant, 2003)
- As I Cycled Out One May Morning (2003) – with The Cecil Sharpe Centenary Collective'
- Great Grandson of Morris On (Topic, 2004)
- Sway with Me (Talking Elephant, 2005)
- Burning Bright (Free Read, 2005) (box set)
- Morris On the Road (Talking Elephant, 2005)
- Lark Rise Revisited (Talking Elephant, 2008) [1]
- My Land is Your Land- with Ernesto de Pascale (Esoteric, 2009):
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ashley Hutchings» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ B. Hinton, and G. Wall, Ashley Hutchings: The Guv'nor & the Rise of Folkrock, (London: Helter Skelter, 2002).
- ↑ P. Humphries, Meet on the Ledge - a History of Fairport Convention (London, Eel Pie Publishing Ltd, 1982)
- ↑ Hinton, B. and Wall, G. (2002) Ashley Hutchings: The Guv'nor & the Rise of Folkrock. London: Helter Skelter.
- ↑ Brian Hinton & Geoff Wall, Ashley Hutchings: Always Chasing Rainbows (Stick It In Your Ear, 2007).
- ↑ P. Humphries, Meet on the Ledge, Fairport Convention, the Classic Years, (Virgin, 2nd edn 1997), s. 150.
- ↑ Ashley Hutchings Site, http://ashleyhutchings.tripod.com/caughtridingabicycle.html, accessed 13/01/09
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Ashley Hutchings : The Guv'nor
- The Complete Morris On
- The Etchingham Steam Band Arkivert 2020-03-23 ved Wayback Machine.
- Ashley Hutchings' Rainbow Chasers Arkivert 2009-03-13 ved Wayback Machine.
- Battle Of The Field. Albion Country Band
- The Compleat Dancing Master. Ashley Hutchings and John Kirkpatrick
- As I Cycled Out On A May Morning. The Cecil Sharp Centenary Collective
- The Wild Side Of Town/ Human Nature? combined website
- Ridgeriders: songs of the Southern English Landscape
- Talking Elephant - The UK Record Label Arkivert 2010-08-28 ved Wayback Machine.