Martin Skaaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Skaaren
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. april 1905
Hitra kommune
Død

1. februar 1999 (93 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Martin Magnus Skaaren (30. april 19051. februar 1999) var ein norsk fiskar, småbrukar, ordførar og stortingsrepresentant for Høgre frå Hitra.

Skaaren var son til ein og fiskar og småbrukar. Han byrja sjølv fiskje i 1920 og i 1927 tok også over småbruket etter faren og dreiv det i fleire tiår.

Skaaren var medlem i skulestyret i Kvenvær kommune frå 1931 og i kommunestyret frå 1934, to verv som han hadde til 1961. Han var varaordførar i Kvenvær 1937-45 og sidan ordførar 1945-61. Attåt var han formann i trygdenemnda 1937-58, kontrollnemnda 1939-63 og formann Fiskeristyret for Fosen frå 1940 til 1979.

I 1961 vart Skaaren vald inn i Stortinget som representant for Høgre i Sør-Trøndelag. Han vart attvald i 1965. Alle åtte åra på Stortinget var han medlem i Kommunalkomiteen. Han var der særleg engasjert i spørsmål som vedkom folk langs kysten og i såkalla utkantområde.

Skaaren var medlem i landsstyret til Høgre 1959-62 og i Statens Friluftsråd 1966-73.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]