Martin Strandli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Strandli
Martin Strandli.jpg
Fødd 28. januar 1890
Stange
Død

14. januar 1973

Yrke politikar, fagforeiningsleiar
Martin Strandli på Commons

Martin Strandli (28. januar 189014. januar 1973), var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og kommunal tenestemann i Oslo, namngjeten for å ha skipa bustadbyggjelaget Oslo Bolig og Sparelag (OBOS) (då kalla OOBS) i 1929 saman med arkitekt Jacob Christie Kielland.

Martin Strandli var fødd og oppvakse i Stange i Hedmark og flytta som ungdom til Oslo, der han budde då han døydde. Han var opphavleg utdanna som snikkar, og arbeidde som byggjeleiar i åra 1922 til 1933, og som hovudkasserar i Bygningsindustriarbeiderforbundet i åra frå 1933 til 1937 og 1945 til 1946. Frå 1937 var han styreformann på heiltid i bustadbyggjelaget OBOS, fram til han vart arrestert av den tyske okkupasjonsmakta i 1942. Han var direktør i Oslo Bolig og Sparelag (OBOS) i åra 1946 til 1960, og med det ein drivande kraft attom den storstilte bustadutbygginga i Oslo i åra etter den andre verdskrigen, serleg utbygginga av dei fyrste drabantbyane i dei områda som tidligare hadde vore landbruksområde i Aker kommune. I 1950 var han heidra med St. Olavs Orden, og i 1958 med Oslos eigen St. Hallvard-medaljen, ei heider til dei som har gjort ein særs verdfull innsats for Oslo by.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]