Maskestein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein dansk runestein med maskefigur, den såkalla Aarhussten 4 med runeinnskriften «Gunulv og Øgot og Aslak og Rolf rejste denne sten efter deres fælle, Ful. Han fandt døden [...], da konger kæmpede»[1]
Sjellebrostenen er ein maskestein som står ved elva Alling Å i Danmark, på ein stad der det i lange tider har vore overgang over elva.

Maskestein er biletsteinar frå vikingtida, med eller utan runeinnskrift, som syner ein stilisert figur som har somme menneskelege drag. På Jylland i Danmark er maskesteinar funne ved elver, myrer og andre våtmarksområde der det er, eller ein reknar med at det har vore, bru eller anna overgang.

Maskene på fleire av maskesteinane vert rekna til Mammenstilen. Masker av liknande slag er å sjå på andre vikingtidsgjenstandar, som på eit dekorert økseblad frå ei grav i Mammen i Jylland som har gjeve namn til Mammenstilen, på eit sverdhjalt (sverdhandtak) av elggevir frå Sigtuna i Sverige, som motiv i dekoren på Camminskrinet og Bambergskrinet (som har vore relikvieskrin), på ein åregaffel på det norske vikingskipet Gokstadskipet, og på eit sølvsmykke fra Gnezdovo i nærleiken av Smolensk.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]