Maskesule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maskesule
Maskesule, Sula dactylatra Foto: Duncan Wright
Maskesule, Sula dactylatra
Foto: Duncan Wright
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Sulefamilien Sulidae
Slekt: Sula
Art: Maskesule S. dactylatra
Vitskapleg namn
Sula dactylatra
Maskesule-egg

Maskesule (Sula dactylatra) er ein stor sjøfugl i sulefamilien, Sulidae. Denne arten hekkar på øyane i tropiske hav, spesielt på Galapagosøyane, men ikkje i det austlege Atlanterhavet, og i det austlege Stillehavet der han er erstatta av nazcasule, Sula granti.

Dette er den største sula, på 81-91 cm lengd, ca. 152 cm vengespenn og 1,5 kilogram kroppsvekt. Vaksne individ er kvite med spisse svarte venger, ein spiss svart hale, og ei mørkgrå maske i andletet. Kjønna er nokså like, men hannen har gult nebb, hoa meir grønleg, gult nebb; under hekkesesongen har hoene ein flekk med berr, blåleg hud på undersida av nebbet. Ungfuglar er brunlege på hovudet og oversida, med ein kvit undergump og krage. Undersida er kvit. Vaksen fjørdrakt veks ut over to år.

Maskesula er stille på sjøen, men helser med eit tynnt kviskrande kall i reirkoloniane. Medan dei oppheld seg i kolonien viser dei eit breitt spekter i lyd med kvesing og snadring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maskesule