Sulefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sulefuglar


Havsule Morus bassanus
Havsule Morus bassanus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Sharpe , 1891
Familiar
  • Fregatidae
  • Sulefuglar, Suliformes, er ein biologisk orden som samlar fregattfuglar, suler, slangehalsar og skarvar. Som gruppe har dei utbreiing langs kystar av alle verdas hav og inn på alle kontinent inkludert Antarktis.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Knoppskarv, Phalacrocorax atriceps
    Foto: Wikimedia-brukar Calyponte
    Afrikaslangehals, Anhinga rufa
    Foto: Charles J Sharp
    Praktfregattfugl, Fregata magnificens
    Foto: Wikimedia-brukar benjamint444
    Blåfotsule, Sula nebouxii
    Foto: Wikimedia-brukar benjamint444

    Sulefuglar er nokså store fuglar, mellom 45 og 114 centimeter. Dvergskarv, Microcarbo pygmaeus, er den minste arten i ordenen med ca. 45-55 centimeter i kroppslengd, praktfregattfugl, Fregata magnificens, er den største. Mange artar er svarte eller mørkt brune i det meste av fjørdrakta, nokre har i tillegg mykje kvite parti i drakta, særleg på undersida. Til dømes vaksne havsuler med fjørdrakt dominert av kvitt. Felles anatomiske trekk inkluderer mangel på ytre naseborer, og kloa på tredje tå har såkalla fjørkam (pectinate) som har nytte ved fjørstell og fjerning av parasittar.[1] Pectinat klo deler dei med hegrar og natteramnar.[2]

    Desse fuglane med levesett i og ved vatn har diett hovudsakleg basert på fisk, men nyttar ulike beitemetodar. Suler vil stupdukke, skarvar og slangehalsar dukkar og sym under vatn. Fregattfuglar plukkar flygefisk og blekksprutar frå havoverflata og kan i tillegg vere parasittiske på måsar og terner. Fregattfuglar vil aldri sette seg ned på havoverflata. Kvitvengskarv skil seg ut i denne ordenen ved å beite på botndyr.

    Slangehalsar lever i ferskvatn eller i grunt havvatn eller brakkvatn. Ein kan finne skarvar i elvar og innsjøar over heile det søramerikanske kontinentet, og opptil 5000 moh., i Afrika sør for Sahara og langt inn i på dei andre kontinenta. Suler og fregattfuglar er særs maritime, suler er spesielt tilpassa eit liv til havs og kjem på land for å hekke. Fregattfuglar lever tvers over Stillehavet og Indiahavet. Habitata er dominert av tropisk klima, men skarvar har utbreiing inn på nordlegaste Antarktis, representert av antarktisskarv, Phalacrocorax bransfieldensis, som lever på Antarktishalvøya. Havsuler kan treffast så langt nord som nord for kysten av Finnmark.

    Dei fleste artar av sulefuglar er kolonihekkarar.[3]

    Taksonomi og artar[endre | endre wikiteksten]

    Ordenen sulefuglar vart anerkjent etter at fleire fylogenetiske studiar av mitokondrielt DNA synte at familiar som tradisjonelt var samla i ordenen pelikan- og hegrefuglar, Pelecaniformes, og gjorde gruppa parafyletisk med omsyn på ordenen Ciconiiformes.

    Etter at denne gruppa vart splitta ut frå ordenen Pelecaniformes, har ho fått namnet sulefuglar på norsk.[4]

    Artslista[endre | endre wikiteksten]

    Sulefuglar samlar 58 artar, her lista i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

    Fregattfuglar

    Slekt Fregata

    Suler

    Slekt Sula

    • Maskesule, Sula dactylatra, Masked Booby, Lesson, 1831, (LC)
    • Nazcasule, Sula granti, Nazca Booby, Rothschild, 1902, (LC)
    • Blåfotsule, Sula nebouxii, Blue-footed Booby, Milne-Edwards, 1882, (LC)
    • Humboldtsule, Sula variegata, Peruvian Booby, Tschudi, 1843, (LC)
    • Brunsule, Sula leucogaster, Brown Booby, Boddaert, 1783, (LC)
    • Raudfotsule, Sula sula, Red-footed Booby, Linné, 1766, (LC)

    Slekt Papasula

    • Christmassule, Papasula abbotti, Abbott's Booby, Ridgway, 1893, (EN)

    Slekt Morus

    • Havsule, Morus bassanus, Northern Gannet, Linné, 1758, (LC)
    • Kappsule, Morus capensis, Cape Gannet, Lichtenstein, 1823, (EN)
    • Australsule, Morus serrator, Australasian Gannet, Gray, 1843, (LC)
    Slangehalsar

    Slekt Anhinga

    Skarvar

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Mayr, Gerald (2008). «Avian higher-level phylogeny: well-supported clades and what we can learn from a phylogenetic analysis of 2954 morphological characters» (PDF). J. Zool. Syst. Evol. Res. 46 (1): 63–72. doi:10.1111/j.1439-0469.2007.00433.x. 
    2. Irby J. Lovette, side 183
    3. Irby J. Lovette, side 48
    4. Syvertsen, P. O., Norsk navnekomité for fugl (NNKF). Endringer i norske navn på fuglearter i Vest-Palearktis. (Vedlegg) Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 7.8.2014)
    5. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 22. desember 2019 
    6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]