Mastrafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mastrafjorden er ein fjordarm av Boknafjorden i Rennesøy kommune, på sørvestsida av sjølve Rennesøy og nordaust for Mosterøy, som han er kalla opp etter. Fjorden har innløp mellom Eplevika på Relanes på Rennesøy og nordre Lamholmen ved Mosterøy og går 12 km søraustover til Hidlefjorden, som ligg på sørsida av Rennesøy og går austover mot Ryfylke.

Rennfastsambandet langs E39 kryssar fjorden via Mastrafjordtunnelen som har ei lengd på 4,4 km og er 133 meter under havoverflata på det djupaste.

I den nordlege delen av fjorden ligg halvøya Klosterøy på Mosterøy. Her låg det gamle Utstein kloster. På Rennesøysida ligg Vikevåg ved fjorden. Vikevåg er administrasjonssenteret i Rennesøy kommune.