Mateja Svet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mateja Svet
Statsborgarskap Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, Slovenia
Fødd 16. august 1968
Ljubljana
Idrett alpint
Yrke alpinist

Mateja Svet (fødd 16. august 1968) er ein slovensk tidlegare skirennar frå Ljubljana som representerte Jugoslavia. Ho vann VM-gull i slalåm i 1989 og tok i alt seks medaljar i VM- og OL-tevlingar i tida 1987-89.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Svet deltok i sitt fyrste verdenscuprenn som sekstenåring og vann to storslalåmrenn i verdscupen i 1986-sesongen, sytten år gammal. Under VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana sikra ho seg tre medaljar; fyrst ein bronse i super-G, så sølv i storslalåm bak Vreni Schneider frå Sveits og til sist ein bronse i slalåm.

Under Vinter-OL 1988 i Calgary tok Svet sølv i slalåm, også då fann ho si overkvinne i Vreni Schneider. Gjennom 1988 var Svet den beste kvinnelege storslalåm-rennaren i verda og vart dermed vinnar av FIS-pokalen 1988 for den greina.

Høgdepunktet for Svet kom i VM i alpine greiner 1989 i Vail i den USA-amerikanske delstaten Colorado, der ho vart verdsmeister i slalåm med klar margin til sølvvinnar Vreni Schneider. I tillegg fekk ho bronsemedaljen i storslalåm-tevlinga, men fyrst etter at den opphavlege bronsemedaljøren, Christelle Guignard frå Frankrike, vart dømd for brot på dopingreglementet.

Svet vann sju verdscuprenn, seks i storslalåm og eitt i slalåm. Den siste sigeren oppnådde ho i Veysonnaz i Sveits den 5. februar 1990. Etter 1990-sesongen la ho vekk konkurranseskia, 21 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar