Mateusz Przybylko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mateusz Przybylko


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 9. mars 1992 (32 år)
Bielefeld
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2015, EM i friidrett innendørs 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016, VM i friidrett innandørs 2018, EM i friidrett 2018 – Høydehopp menn

Mateusz Przybylko (fødd 9. mars 1992) er ein tysk høgdehoppar fødd i Bielefeld av polske foreldre. Han vart europameister i øvinga i 2018.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Przybylko vart utslått i høgdehopp-kvalifiseringa både under Friidretts-VM 2015 og OL 2016. Den 25. juni 2017 presterte han livsbeste 2,35 meter i Bottrop. To månader seinare vart han femtemann i VM i friidrett 2017 i London. Ved EM i friidrett 2018 i Berlin vann han gullmedaljen då han som den einaste tok seg over 2,35 meter. Han var langt unna finaleplass i så vel VM 2019 som i Tokyo-OL i 2021. Derimot tok han i 2022 seg vidare frå kvalifisering til både VM-finale i Eugene og til EM-finale i München, og enda med høvesvis 12. og 6. plass i dei to meisterskapane.

Przybylko var tysk meister 2017, 2018, 2020.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mateusz Przybylko