Matusevichbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matusevichbreen
isbre
Bilete av Matusevichbreen.
Land  Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 69°20′S 157°27′E / 69.333°S 157.450°E / -69.333; 157.450
Lengd 440 km
Areal 19 500 km²
Type breutløpar
Munning Sørishavet
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Matusevichbreen
69°20′00″S 157°27′00″E / 69.3333°S 157.45°E / -69.3333; 157.45
Matusevichbreen is located in Antarktis
Matusevichbreen (Antarktis)

Matusevichbreen er den største breutløparen i Oates Land og strekkjer seg over 440 km med eit areal på kring 19 500 km². Breen drenerer den austlege delen av Lazarev Mountains, og nordlege og vestlege delar av Wilson Hills.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Isbreen flyt mot kysten av Aust-Antarktis, og pressar seg gjennom ein dal mellom Lazarev Mountains og nordvestenden av Wilson terrain.[1] Breen har mange bresprekker i denne kanalen, og på andre sida av dalen spreiar han seg utover medan han flyt ut i havet. Havbølgjene får den tynnare isen til å bryte opp. Matusevichbreen drenerer ikkje store ismengder frå Antarktis, så tilbaketrekking og framrykkinga av denne breen er ikkje så viktig globalt sett.[1] Men som med andre brear i Antarktis hjelper Matusevichbreen glasiologar til å forstå det større biletet om korleis isdekket på Antarktis endrar seg.

Matusevich bretunge[endre | endre wikiteksten]

Matusevich bretunge er ei bretunge som er kring 18 nautiske mil (33 km) lang og som strekkjer seg breitt utover frå Matusevichbreen. «Magga Dan», fartøyet nytta av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) leia av Phillip Law, segla rundt denne tunga den 21. februar 1959.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Matusevichbreen». NASA.