Maurangsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sunndal ved Maurangsfjorden, i 1880-åra.
Foto: Axel Lindahl / Norsk Folkemuseum

Maurangsfjorden er ein fjordarm av Sildafjorden og Hardangerfjorden i Mauranger i Kvinnherad kommune som strekkjer seg 12,5 km austover til Flatebø.

Fjorden har innløp mellom Maurangsneset i nord og Ænes i sør, rett aust for Varaldsøy. Eit stykke inn i fjorden ligg bygda Sunndal på sørsida av fjorden. Like utanfor Sunndal deler fjorden seg i to greiner kalla Austrepollen og Nordrepollen. Austrepollen går nesten 2 km austover til grenda Gjerde. Nordrepollen går nordover til Flatebø. Begge sidene av av Nordrepollen er særs bratte. Vestsida stig 842 meter rett opp til toppen av Småskorefjellet, medan austsida går 1087 meter opp til Ripelsåta.

Botn av fjorden ligg rett nedanfor vestsida av Folgefonna.