Mavia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mavia
Dronning av tanukh-føderasjonen
Fullt namnarabisk ماوية, Māwiyya, også Mawia, Mawai, Mawaiy og Mania
Fødd4. hundreåret
Død425
DødsstadKhanasir
GravstadKhanasir

Mavia (d. 425 ) var ei arabisk beduindronning som herska over ein arabisk beduinstamme i noverande Sør-Syria mellom 375 og 425.[1] Ho førte ein suksessrik krig mot Romarriket som enda med fred på hennar vilkår. Ho er blitt kalla den mektigaste kvinna i den arabiske verda i antikken, etter Zenobia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mavia tilhøyrde tanukhidane, eit laust samband av arabiske beduinar som innvandra til sørlege Syria frå den arabiske haløya på 200-talet og danna ein seminomadisk føderasjon med sete i Aleppo. Etter at maken hennar al-Hawari døydde uten arvingar i 375, etterfølgde ho han som leir for tanukh-føderasjonen. Mavia kom i konflikt med den romersk keisaren Valens då denne ville utnemna ein ariansk biskop i staden for den ortodokse dei arabisk kristne hadde bede om. Det er uklart om Mavia sjølv var kristen på dette tidspunktet. Ifølge visse opplysingar blei ho det føyst seinare, då ho i løpet av krigen blei omvendt av ein asketmunk, som arabarane la fram som kandidat for den arabiske biskopstolen. Mavia forlét då stillinga si i Aleppo og trekte seg tilbake til i ørkenen.

Krigen mot romarane[endre | endre wikiteksten]

Våren 378 utløyste Mavia eit opprør mot romarane i Syria gjennom å styrka støtten blant den arabiske befolkninga både innanfor og utanfor den syriske provinsen. Ho leia sjølv hæren sin mot dei romerske provinsane Syria, Fønikia, Arabia og Palestina. Det at ho ikkje hadde ein fast base og nytta geriljataktikk gjorde det vanskeleg for romarane å slå tilbake. Soldatane hennar hadde òg god kjennskap til romersk kampteknikk. Ho overvann dei romerske guvernørane i Palestina og Fønikia og mottok støtte frå bybuarane i regionen. I Roma blei ein uroa for at heile det austre romarriket skulle brytast laus. Mavia blei skildra som ein dyktig felttaktikar. Ho nytta romersk slagsfeltteknikk og eit rørleg kavaleri med lange lanser. Det heile var ei oppattaking av Zenobia sitt opprør over hundre år tidlegare, men medan det den gongen hadde vore nett Tanukh-føderasjonen romarane hadde lykkast å alliera seg med for å overvinna Zenobia, var det no tanukhidane romarane stod imot, og det fanst dermed inga lokal kraft dei kunne nytta som alliert. Mavia nådde grensa til Egypt, innan Roma kjende seg nøydd til å be om fredsforhandlingar.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Mavia fekk igjennom kravet om at den ortodokse Moses skulle utnemnast til arabisk biskop, og fekk òg stadfesta privilegia til tanukhidane naut som romerske allierte og fekk tilbake privilegia dei hadde hatt før regjeringstida til keisar Julius. Dottera hennar Chasidat gifte seg med kommandanten for den romerske hæren, Victor, som eit teikn på den fornya alliansen. Mavia på si side gjekk med på å senda hæren sin for å hjelpa romarane mot gotarane, som hadde gått til åtak på Konstantinopel. Tanukhidane blei overvunne, og førte til at romarane slutta forbund med gotarane i staden. Dette ergra tanukhidane, som gjorde opprør att i 383. Ingenting er nemnd om Mavia i samband med dette andre opprøret. Denne nye krigen blei fort avslutta med ein romersk siger som braut alliansen for godt.

Mavia døydde i Anasartha aust for Aleppo i 425.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ball, Warwick (2001), Rome in the East: The Transformation of an Empire, Routledge, ISBN 0-415-11376-8