Max Schmeling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Max Schmeling
Max-schmeling.jpg
Fødd 28. september 1905
Klein Luckow
Død

2. februar 2005
Wenzendorf

Yrke boksar, skodespelar
Max Schmeling på Commons

Maximillian Adolph Otto Siegfried Schmeling (28. september 19052. februar 2005), kjend som Max Schmeling, var ein tysk boksar som var verdsmeister i tungvektsboksing 1930–32.

Schmeling var fødd i Klein Luckow i Hollenstedt i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland. Han vart verdsmeister 12. juni 1930, i ein tittelkamp mot den amerikanske boksaren Jack Starkey, i Yankee Stadium i New York. Dette var ein kamp om den ledige tittelen etter Gene Tunney. Sharkey vart diskvalifisert i fjerde runde etter ha slått for lågt, og dermed vart Schmeling den einaste tungvektsmesteren i boksehistoria som har vunne tittelen etter at motstandaren har vorte diskvalifisert.

Den 3. juli 1931 forsvarte Schmeling verdsmeistertittelen sin då han vann over den amerikanske boksaren Young Stribling på teknisk knockout i femtande runde i Cleveland.

I returkampen mot Starkey den 21. juni 1932 i New York tapte Schmeling etter femten rundar på poeng, og Jack Starkey vart ny tungvektsmester i boksing.

Max Schmeling er medlem av International Boxing Hall Of Fame, og har i karrieren som profesjonell boksar vunne 56 kampar, av dette 40 på knockout, 4 har enda uavgjort og 10 med tap.

Schmeling er ein av dei mest populære idrettsmennenen i TYskland gjennom tidene. I Berlin finst fleirbrukshallen Max-Schmeling-Halle, som er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]