Mediaspelar
Utsjånad

Mediaspelar er eit brukarprogram for avspeling av multimediafiler (lyd og video) på ein PC.
Oppbygging
[endre | endre wikiteksten]
Mediaspelarar kan vera noko ulikt oppbygd, men dei fleste har ein arkitektur med desse modulane:
- Ein modul som les inn filer, eller tok imot ein mediastraum (lyd og video) frå nettet.
- Ein dekodarmodul, som dekodar fila eller mediastraumen. Dei fleste spelarane har innebygd kodekar for fleire ulike format (MPEG-1,MPEG-2, MP4, Ogg Theora, etc.).
- Ein omformar/filter-modul, som er i stand til å endra format på videostraumen og sampelraten på ordlengd på audiostraumen, for å tilpassa dei til skjerm og lydkort.
- Ein utgangsmodul, som sender video- og audio-straumane til grafikk og lyd-infrastrukturen på PC-en.