Medley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå medley i symjing.

Medley eller potpurri er eit musikkverk sett saman av ulike andre verk eller melodiar. Verket kan ha ei særskild innleiing og avslutting, medan dei ulike delane er knytte saman av enkle overgangar.[1] Songane i ein slik medley kan ha visse fellestrekk, som at dei tilhøyrer ein viss sjanger, har eit visst tema eller er laga av ei viss gruppe. Det er til dømes vanleg å laga medleyar av julesongar.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende medleyar er «Golden Slumbers»/«Carry That Weight»/«The End» av The Beatles frå 1969, «An American Trilogy» av Elvis Presley frå 1972, som er sett saman av «Dixie», «Battle Hymn of the Republic» og «All My Trials» og «The Happiest Days of Our Lives»/«Another Brick in the Wall (Part 2)» av Pink Floyd frå 1979.

I 1977 hadde The Ritchie Family ein hitt i USA med «The Best Disco in Town». Medleyen inkluderte songar som «Reach Out I'll Be There», «I Love Music», «Bad Luck», «TSOP», «Fly, Robin, Fly», og «Brazil», sistnemnde ein av gruppa sine eigne songar. Den utvida versjonen av singelen deira inneheldt fleire songar.

I 1981 hadde musikkgruppa Stars on 45 eller Starsound ein hitt med medleyen «Stars on 45». Det offisielle namnet på songen i USA var «Medley: Intro 'Venus' / Sugar Sugar / No Reply / I'll Be Back / Drive My Car / Do You Want to Know a Secret / We Can Work It Out / I Should Have Known Better / Nowhere Man / You're Going to Lose That Girl / Stars on 45», på grunn av krav knytte til bruken av Beatles-songane dei hadde med. Same året hadde The Beach Boys ein hitt med «The Beach Boys Medley», som var sett saman av «Good Vibrations», «Help Me, Rhonda», «I Get Around», «Shut Down», «Surfin' Safari», «Barbara Ann», «Surfin' U.S.A.» og «Fun, Fun, Fun».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «POTPURRI». musikkordboken.no.