Good Vibrations

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Good Vibrations»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Smiley Smile
B-side «Let's Go Away for Awhile»
Utgjeve 10. oktober 1966
Innspelt Februar til september 1966
Sjanger Psykedelisk pop
Lengd 3:39
Selskap Capitol Records
Låtskrivar(ar) Brian Wilson/Mike Love
Produsent Brian Wilson
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
«Wouldn't It Be Nice»
(1966)
«Good Vibrations» «Then I Kissed Her»
(UK) (1967)
----
«Heroes and Villains»
(US) (1967)


«Good Vibrations» er ein song av The Beach Boys skriven og produsert av Brian Wilson, med tekst av Wilson og Mike Love.

Singelen vart gjeven ut 10. oktober 1966 med «Let's Go Away For Awhile» som B-side og vart den tredje førsteplassen til bandet i USA etter «I Get Around» og «Help Me, Rhonda». Han vart òg den første singelen deira som nådde førsteplassen i Storbritannia. I Noreg nådde songen andreplass, bak «No Milk Today» av Herman's Hermits. Songen vart spelt inn under innspelinga av Pet Sounds, men kom ikkje med her og vart i staden gjeven ut som ein frittståande singel. Seinare kom songen ut på albumt Smiley Smile, elleve månader etter singelen kom ut.

I songen er det nytta instrument som er uvanlege for ein popsong, mellom anna ein tydeleg cello og theremin. Songen er plassert på sjetteplass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[1] Songen er òg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Wilson har fortalt om korleis songen kom til i sjølvbiografen frå 1995, I Just Wasn't Made for These Times. Då han var barn skal mor hans ha sagt til hans at hundar kan føle «vibrasjonar» frå folk, slik at hunden bjeffar på folk med «dårlege vibrasjonar» («bad vibrations»).[2] Wilson gjorde dette om til ein generell ide om vibrasjonar og utvikla ein ide om at folk kunne gjere det same med kjensler.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Wilson fekk først hjelp av tekstforfattaren frå Pet Sounds, Tony Asher, for å hjelpe seg med å setje ideen ned på papiret. Like etter dei møttest spurte Wilson den nye låtskrivarpartnaren sin Van Dyke Parks om å skrive tekst til songen, men han ville ikkje.

Mike Love frå Beach Boys kom med den endelege utgåva av teksten i august 1966.

Då Wilson spelte inn «Good Vibrations» for 2004-utgåva av Smile foreslo kona hans, Melinda, at han skulle nytta den opphavlege teksten skriven av Tony Asher. Av teksten til Mike Love heldt han opningslinja, «I, I love the colorful clothes she wears» og refrenget, «I'm pickin' up good vibrations, she's giving me excitations ...»

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart komponert under innspelinga av Pet Sounds med original tekst av Tony Asher. Wilson spelte inn songen i seksjonar i forskjellige studio for å fange lydane han høyrde inni seg. Han nytta seg av den lagvise produksjonsmetoden han hadde starta å nytte på Pet Sounds og brukte månader på å setje songen i saman.

Det første akkompagnementet til songen vart spelt inn 17. februar 1966. Då vart han skildra som #1 Untitled (eller som Good, Good, Good Vibrations), men på lydbandet kan ein tydeleg høyre Brian Wilson sei «Good Vibrations, første opptak». Etter 26 opptak hadde dei ein grov monomiks. Dei la på rettleiande vokal på sporet dagen etter. 25. februar la Wilson frå seg songen for å arbeide med resten av Pet Sounds og kom tilbake til songen 24. mai 1966 fram til 18. juni. Dei forskjellige seksjonane av songen vart klipt saman på same måte som The Beatles sine seinare «Strawberry Fields Forever» og «A Day in the Life», som i følgje Paul McCartney begge var inspirert av Brian Wilson.

Den spesielle høge elektriske tonen ein kan høyre på refrenget og mot slutten av songen er skapt av ein theremin, spelt av Paul Tanner og først nytta av Wilson på songen «I Just Wasn't Made for These Times».

Produksjonen av songen skal visstnok ha gått over 17 innspelingsdagar i fire forskjellige platestudio med over 90 timar lydband og ein total kostnad på $50 000.

David Leaf, forfattar av biografien The Beach Boys and The California Myth skriv om songen at det ikkje er noko anna enn perfeksjon her og at songen var eit stort teknologisk gjennombrot som synte at det var mogeleg å gjere kva som helst i eit studio.

Album[endre | endre wikiteksten]

Wilson og tekstforfattar Van Dyke Parks var inspirert av dei positive tilbakemeldingane på Pet Sounds og eit ønske om å toppe det nylege utgjevne Beatles-albumet Revolver, og la ut på Smile-prosjektet. Dette skulle vere eit heilt album der dei nytta seg av låtskrivingsmetoden og produskjonsteknikkane dei hadde nytta på «Good Vibrations». Albumet kom aldri ut då Wilson glei inn i depresjon, narkotikamisbruk og paranoia. Fleire spor vart redda frå innspelingane og spelt inn att i kraftig forenkla utgåver for Smiley Smile, der «Good Vibrations» først gong kom på eit album.

I 2004 spelte Brian Wilson inn Smile til særs god kritikk. Ei nyinnspeling av «Good Vibrations» var òg ein del av dette albumet og vart gjeven ut som singel før albumet kom.

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Original release
Liste (1966–1967) Plassering
Australia Go-Set National Top 40[3] 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] 9
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] 6
Canadian RPM Top Singles[6] 2
Finland (Suomen virallinen lista)[7] 3
Tyskland (Media Control AG)[8] 8
Irish Singles Chart[9] 3
Malaysia[10] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[11] 4
Nederland (Mega Single Top 100)[12] 4
New Zealand (Listener) 1
Noreg (VG-lista)[13] 2
Singapore[14] 2
South African Chart[15] 3
UK (Official Charts Company)[16] 1
US Billboard Hot 100[17] 1
1976-utgåva
Liste (1976) Plassering
UK (Official Charts Company)[16] 18
Todd Rundgren-versjonen (1976)
Liste (1976) Plassering
US Billboard Hot 100[18] 34

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
US Billboard Hot 100[19] 33

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Både New Musical Express og Melody Maker var positive då singelen kom ut. Ikkje alle var like positive og Pete Townshend frå The Who skal ha sagt at det var truleg ein bra song, men at han måtte spele han mange gonger for å høyre kva dei song om. Han frykta at det no skulle komme ein haug med overproduserte songar.[20]

The Beach Boys vart nominert til ein Grammy-pris for beste vokalgruppe for «Good Vibrations» og songen vart til slutt innlemma i Grammy Hall of Fame i 1994. Songen ligg ofte høgt på lister over dei største songane gjennom tidene. og hamna mellom anna på førsteplass på Mojo Top 100 Records of All Time i 1997. Rolling Stone har rangert songen som den sjette beste gjennom tidene. Songen kom på 24. plass på lista til RIAA og NEA over «Hundreårets songar». «Good Vibrations» er for tida rangert på fjerdeplassen på acclaimedmusic.net si samling av kritikarlister over dei største songane gjennom tidene.[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/6595851/good_vibrations/1. Henta 2008-09-21. 
  2. http://www.rollingstone.com/news/story/6595851/good_vibrations
  3. «Go-Set's National Top 40». poparchives.com.au/. http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1966/19661221.html. Henta July 11, 2017. 
  4. "The Beach Boys – Good Vibrations – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  5. "Ultratop.be – The Beach Boys – Good Vibrations" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  6. «Good vibrations in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5769&type=1&interval=20&PHPSESSID=u9874ano8k0c5b6bkp4r8qrbp3. Henta 18 July 2013. 
  7. Danyel Smith, red. (February 4, 1967). «Billboard Hits of the World». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.): 77. ISSN 0006-2510. Henta 18 July 2013. 
  8. "The Beach Boys - Good Vibrations". Charts.de. Media Control.
  9. «Good vibrations in Irish Chart». IRMA. Arkivert frå originalen den 5 January 2010. https://web.archive.org/web/20100105231849/http://www.irishcharts.ie/search/placement. Henta 18 July 2013.  2nd result when searching "Good vibrations"
  10. Priore, Domenic (1997). Look! Listen! Vibrate! Smile!. s. 27. ISBN 0-86719-417-0. 
  11. "Nederlandse Top 40 – The Beach Boys search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  12. "Dutchcharts.nl – The Beach Boys – Good Vibrations" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  13. "Norwegiancharts.com – The Beach Boys – Good Vibrations". VG-lista. Hung Medien.
  14. Danyel Smith, red. (April 15, 1967). «Billboard Hits of the World». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.): 58. ISSN 0006-2510. Henta 18 July 2013. 
  15. Danyel Smith, red. (January 21, 1967). «Billboard Hits of the World». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.): 66. ISSN 0006-2510. Henta 18 July 2013. 
  16. 16,0 16,1 «Beach Boys». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/beach%20boys/. Henta 18 July 2013. 
  17. «The Beach Boys awards on AllMusic». Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/the-beach-boys-mn0000041874/awards. Henta 18 July 2013. 
  18. «allmusic ((( Todd Rundgren > Charts & Awards > Billboard Singles )))». Billboard. http://www.allmusic.com/artist/p5322. Henta 6. mars 2018. 
  19. Billboard Top 100 Songs of 1966
  20. The Beach Boys, Keith Badman, s. 156
  21. «Acclaimed Music Top 10 000». 6. mars 2018. http://acclaimedmusic.net/year/alltime_songs.htm. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


7:
 «Johnny B. Goode» 
Chuck Berry
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
6


The Beach Boys – «Good Vibrations»

5:
 «Respect» 
Aretha Franklin