Meiningen i Austerrike
Utsjånad
Meiningen er ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 5,36 km² med vel 2 100 ibuarar i 2016.
Landsbyen Meiningen ligg 425 meter over havet på austbreidda av Rhinen, som her er grenseelv til kantonen St. Gallen og Sveits.
Turisme og landbruk er viktige næringar. 54 % av landarealet er oppdyrka.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Meiningen (Vorarlberg)» frå Wikipedia på tysk, den 8. mai 2016.