Meisterligaen 1996

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagoppstillingane i meisterligafinalen 1996 - Juventus i blått

Meisterligaen 1996 var den 4. rekka av den mest prestisjetunge turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den italienske klubben Juventus vann turneringa den 22. mai 1996 på Stadio Olimpico i Roma etter straffesparktevling. I finalekampen mot nederlandske Ajax stod det 1-1 etter 120 minuttars spel. Fabrizio Ravanelli gav Juventus leiinga i det 12. minutt og Jari Litmanen utlikna fire minuttar før 1. omgang var over. I straffeskytinga skåra Juventus på alle sin fire forsøk, medan Juventus-målvakta redda to av forsøka til Ajax-spelarane.

Heile 80 000 tilskodarar var til stades på Olympiastadion. Spanske Manuel Díaz Vega dømde kampen.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Juventus: Angelo Peruzzi, Moreno Torricelli, Ciro Ferrara, Pietro Vierchowod, Gianluca Pessotto, Paulo Sousa, Didier Deschamps, Antonio Conte, Alessandro Del Piero, Gianluca Vialli og Fabrizio Ravanelli. Vladimir Jugović kom inn like før 1. omgang var ute, då Conte forlet bana. Angelo Di Livio tok plassen til Sousa i det 57. minutt, og Michele Padovano erstatta målskårar Ravanelli i det 77. minutt.

Ajax: Edwin van der Sar, Sonny Silooy, Danny Blind, Frank de Boer, Winston Bogarde, Ronald de Boer, Jari Litmanen, Edgar Davids, Finidi George, Nwankwo Kanu og Kizito Musampa. Patrick Kluivert kom inn frå start i 2. omgang, Musampa var ute. Midt i 2. omgang vart Frank de Boer erstta av Arnold Scholten, medan Nordin Wooter spelte ekstraomgangane i staden for Ronald de Boer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]