Gianluca Vialli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gianluca Vialli
Vialli 2018.jpg
Vialli i 2018
Personleg informasjon
Fødselsdato 9. juli 1964 (55 år)
Fødestad Cremona i Italia
Høgd 180 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1980-1984 Cremonese 105 (23)
1984-1992 Sampdoria 223 (85)
1992-1996 Juventus 102 (38)
1996-1999 Chelsea 58 (21)
Totalt 488 (167)
Landslag
1984-1992 Italia 59 (16)
Trenar for
1998-2000 Chelsea
2001-2002 Watford
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Gianluca Vialli (fødd 9. juli 1964) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Cremona. Han spelte for US Cremonese, Sampdoria, Juventus og Chelsea. Vialli var kjend som ein allsidig og drivande angrepsspelar, teknisk dyktig, med gode skotbein og luftstyrke.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Vialli spela for Cremonese i heimlege Serie B frå 1980 til 1984 og fekk med seg 105 kampar og skåra 23 mål. Sommaren 1984 vart han overført frå Serie B-klubben til Sampdoria i Serie A. Allereie i sin fyrste sesong for klubben frå Genova kunne han innkassere sin fyrste meistermedalje då Sampdoria vann den nasjonale cupfinalen. Også i 1988 og 1989 vann Sampdoria cuppokalen i Italia.

Vialli skåra begge måla då Sampdoria vann finalen i Cupvinnarcupen 1989/90 med 2-0, ein kamp som var mållaus til det 105. minutt. Året etter opplevde han eit høgdepunkt i si karriere då Sampdoria vann sitt fyrste og hittil einaste seriemeisterskap. Sampdoria hadde eit jamnt godt lag, med Vialli som den sentrale spelaren saman med spissmakkeren Roberto Mancini. Han vart då òg toppskårar i Serie A den sesongen med 19 mål, og i Cupvinnarcupen med sju nettkjenningar.

I 1992 vart Vialli overført frå Sampdoria til Juventus for 150 millionar kroner, rekordhøgt i verda. Han jadde då spela 223 kampar og skåra 85 mål for Sampdoria. Allereie i sin fyrste sesong i Torino-klubben var han med å vinne UEFA-cupen. Juventus vart så italiensk dobbeltmeister i 1995 med Vialli som toppskårar. Våren etter vann Juventus Meisterligaen. Finalen i turneringa vart hans siste kamp for Juventus, etter 102 kampar og 38 mål for klubben.

Vialli spelte tre sesongar i Chelsea, 1996-99, og var med å vinne både Cupvinnarcupen, FA-cupen og Ligacupen. Han spela 58 kamper for London-klubben og skåra 21 mål. Frå februar 1998 var han spelande trenar i Chelsea, ein jobb han hadde til hausten 2000. Sesongen 2001/02 var han ei tid trenar for Watford FC.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vialli spelte 59 kamper på landslaget og skåra 16 mål. Han debuterte i bortekamp mot Polen i november 1985, og var med i Italias troppar til VM i fotball 1986, EM 1988 og VM 1990. Både i 1986 og 1988 var han med i fyrsteellevaren, medan han fekk heller lite speltid under VM på italiensk heimebane i 1990. Han deltok i tre landskampar der Noreg var motstandar; fyrst den mållause vennskapskampen i Oslo i mai 1987, og så i dei to kvalifiseringskampane til EM i fotball 1992, der Noreg 5. juni 1991 vann den legendariske heimekampen 2-1 og så heldt Italia til 1-1 i Genova fem måander seinare. I sin siste landskamp, 19. desember 1992, skåra Vialli det eine målet då Italia vann 2-1 over vertslandet Malta. Ein konflikt med landslagssjefen Arrigo Sacchi førte til at han sidan ikkje vart teken ut i landstroppar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-bronse 1990 for Italia
  • Vinnar av Meisterligaen 1996 med Juventus
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1990 med Sampdoria
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1998 med Chelsea
  • Vinnar av UEFA-cupen 1993 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1991 med Sampdoria
  • Italiensk seriemeister 1995 med Juventus
  • Italiensk cupmeister 1985, 1988 og 1989 med Sampdoria
  • Italiensk cupmeister 1995 med Juventus
  • Engelsk cupmeister 1997 med Chelsea

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]