Meisterligaen 2000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2000, Real Madrid i svart

Meisterligaen 2000 var den 8. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben Real Madrid vann turneringa den 24. mai 2000 på Stade de France i Saint-Denis med siger 3-0 over Valencia CF. Fernando Morientes gav Real Madrid leiinga i det 39. minutt, Steve McManaman og deretter Raúl González la på til 3-0 kring midtvegs i andre omgang.

Real Madrid sikra seg dermed sin andre triumf i Meisterligaen sidan turneringa tok til i 1992.

Lagoppstillingane[endre | endre wikiteksten]

Real Madrid: Iker Casillas, Aitor Karanka, Iván Helguera, Iván Campo, Míchel Salgado, Roberto Carlos, Steve McManaman, Fernando Redondo, Raúl, Fernando Morientes og Nicolas Anelka. I siste halvdelen av andre omgangen kom etter tur Sávio Bortolini, Manolo Sanchís og Fernando Hierro inn i staden for høvesvis Morientes, Anelka og Salgado.

Valencia: Santiago Cañizares, Jocelyn Angloma, Miroslav Đukić, Mauricio Pellegrino, Gerardo García León, Javier Farinós, Gaizka Mendieta, Kily González, Gerard López, Miguel Angulo og Claudio López. Adrian Ilie kom inn og León gjekk ut då Real Madrid nett hadde lagt på til 2-0.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]