Míchel Salgado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Míchel Salgado


Statsborgarskap Spania
Fødd 22. oktober 1975 (48 år)
Las Nieves
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2006, EM i fotball 2000

Utmerkingar

Castelao-medaljen

Miguel Ángel Salgado Fernández (fødd 22. oktober 1975), kjend som Míchel Salgado, er ein spansk tidlegare fotballspelar som vann Meisterligaen to gongar med Real Madrid, 2000 og 2002.

Salgado, som vanlgevis spelte høgreback, debuterte i spansk toppserie med Celta Vigo i 1995. Han var knytt til Celta til 1999, bortsett frå 1996/97-sesongen. Han spelte då på Salamanca, på leigekontrakt. Sommaren 1999 vart han overført til Real Madrid, ein klubb han spelte på i 10 år. Med Real Madrid vann han Meisterligaen 2000 og 2002. I august 2009 signerte han for engelske Blackburn Rovers, han la opp som aktiv i 2012.

I perioden 1998 til 2006 deltok Salgado i 53 landskampar for Spania, utan å kome på skåringslista. Han var med både i fotball-EM 2000 og fotball-VM 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]