Iker Casillas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iker Casillas
Personleg informasjon
Fullt namn Iker Casillas Fernández
Fødd 20. mai 1981 (42 år)
Fødestad Madrid
Høgd 182 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Real Madrid
Nummer 1
Ungdomsklubbar
1990-98 Spania Real Madrid
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-99
1999
1999-
Spania Real Madrid C
Spania Real Madrid B
Spania Real Madrid
26 (0)
4 (0)
478 (0)
Landslag
1999-2000
2000-
Spania Spania U21
Spania Spania
5 (0)
153 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 6. mars 2014

Iker Casillas Fernández (fødd 20. mai 1981) er ein spansk fotballspelar som har vore keeper for Real Madrid og det spanske landslaget.

Casillas har spelt heile karrieren sin i klubben i heimbyen, som han melde seg inn i som åtteåring. Han fekk gjennombrotet sitt i sesongen 1999/2000, då han erstatta den skadde Bodo Illgner i Champions League-finalesigeren mot Valencia.

Ei tid mista han førstelagsplassen til César Sánchez, men vann plassen attende etter at han kom inn som reserve for veteranen i Champions League-finalen i 2002 mot Bayer Leverkusen og bidrog sterkt til Real Madrid sin siger med ei rekkje fine redningar.

I 2008-sesongen vart han kåra til verdas beste keeper, framfor profilar som Gianluigi Buffon, Edwin van der Sar og Petr Čech. Det framifrå spelet hans i EM og for Real Madrid vart også lønna med "Zamora-prisen" for minst baklengsmål i ligaen.

I februar 2009 braut Casillas rekorden for flest kampar spelt av ein keeper for Real Madrid, med 454 kampar, berre 27 år gammal.

Casillas spelte fleire landskampar for aldersbestemte landslag. Han debuterte for A-landslaget 19 år og 14 dagar gammal, i ein kamp mot Sverige. Han var unytta reserve under EM i 2000. Under VM i 2002 i Sør-Korea og Japan var han førstekeeper, etter at Santiago Cañizares måtte stå over meisterskapen med skade. Casillas fekk stor merksemd etter at han redda to straffespark då Spania slo ut Irland på straffespark og avanserte til kvartfinalen.

Han spelte alle kampane i kvalifiseringa til EM i 2004, og slepte berre inn fire mål.

Casillas var førstekeeper og landslagskaptein då Spania vann EM i 2008, og spelte ei viktig rolle då Italia vart slått ut i kvartfinalen. Etter 120 mållause minutt redda han to straffar i straffesparkkonkurransen som Spania vann 4-2. Både i semifinalen mot Russland og i finalen mot Tyskland heldt han buret reint.

I september 2009 sette Casillas rekord i flest landskampar for Spania utan å sleppe inn mål, med 57 kampar. 14. november 2009 spelte han sin 100. landskamp for Spania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]