Melert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulike typar melert garn.

Melert (frå fransk mêler, 'blanda')[1] er ein effekt ein får i garn eller stoff når ein har blanda saman fibrar med ulike fargar. Kvar fiber kan ha fleire fargar, ein kan bruka fibrar som kvar har ulike fargar eller ein kan blanda farga og ufarga fibrar saman.[2]

Melert garn har mellom anna vore vanleg å bruka på Shetland.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «melert» i Nynorskordboka.
  2. «melert». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  3. Klepp, Ingun Grimstad (31. januar 2019). «garn». Store norske leksikon (på norsk).