Tekstilgarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garn på ein marknad i Aleppo.

Garn eller tekstilgarn er trådar danna av tekstilfibrar som typisk er spunne saman. Det kan brukast til tekstilproduksjon, som strikking, hekling, veving og broderi. Det kan også brukast til å laga fangst- og fiskegarn og andre nett.[1]

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Frå garninstallasajonen Walk the Line av Nadia Kaabi-Linke frå 2015.

Ein kan laga garn av naturfiber, kunstfiber eller ei blanding. Desse fibrane blir gjerne tvinna om kvarandre slik at dei heng betre saman. Korte fibrar blir kalla stapelfiber, medan lengre fibrar blir kalla filament. Eigenskapane til garnet blir påverka av kva typar fibrar ein bruker, talet på fibrar i diameteren og korleis ein handsamar fibrane før og under spinning, til dømes om dei går gjennom kjemming (kamgarn) og kor hardt ein spinn dei.[1]

Ein kan farga fibrane før eller etter spinning. Om ein spinn fleirfarga fibrar eller fibrar med ulike fargar saman får ein melert garn. Ved fabrikkfarging vil produsenten merka garnet med eit fargenummer og i tillegg partiet garnet blei farga i (innfargingsnummer). Dette gjer at ein kan få heilt likt farga garn til eit tekstilarbeid.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Klepp, Ingun Grimstad (31. januar 2019). «garn». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.