Mellomøyret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skisse av anatomien i mellomøyret

Mellomøyret (av latin auris media) er den delen av øyret som ligg innanfor trommehinna og utanfor det ovale vindauget i det indre øyret.[1] Hjå pattedyr består det av tre ossiklar (hammaren, ambolten og stigbøyelen) som fører vibrasjonar i trommehinna til væsker og membranar i det indre øyret. Øyretrompeten koplar til nasesvelget for å skape ei trykkutlikning mellom mellomøyret og strupen.[1]

Hovudfunksjonen til mellomøyret er å overføre akustisk energi frå kompresjonsbølgjer i lufta til væske—membran-bølgjer inni sniglehuset. Hammaren og ambolten fungerer som ein mekanisk transformator (etter vektstongprinsippet), som tilpassar impedansane mellom trommehinna og det ovale vindauget. Denne impedansetilpassinga aukar følsamheita til hørselen med ein faktor på om lag 16, tilsvarande 25 dB [2]. I tillegg fører bukling i trommehinna til ei forsterkning med ein faktor på to (6 dB), så den totale forsterkning i mellomøyret er på rundt 34 gongar, eller 31 dB.

Klinisk signifikans[endre | endre wikiteksten]

Mellomøyret er hòlt. Vandring i høgder eller dukking under vatn kan føre til trykkforskjellar mellom mellomøyret og utsida. Dette trykket kan potensielt føre til at trommehinna sprekk. Til skilnad kan lågt trykk føre til retraksjon av trommehinna. Ei av oppgåvene til øyretrompeten, som koplar mellomøyret til nasesvelget, er å halde trykket i mellomøyret på linje med det ytre lufttrykket. Øyretrompeten er vanlegvis avklemt ved enden av nasen for å hindre at den blir tetta av slim, men kan enkelt opnast igjen ved å senke og framheve kjeven. Dette er grunnen til at geisping og tygging kan lindre øyretrykk når ein reiser med fly.

Mellomøyrebetennelse er ein betennelse i mellomøyret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ø. Winther, Finn (13. november 2014), mellomøre, Store Norske Leksikon, https://sml.snl.no/mellomøre, henta 6. desember 2014 
  2. Howard, D.M. og Angus, J., Acoustics and psychoacoustics, Focal Press, 2006.
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.