Det ytre øyret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det ytre øyret hos menneske med latinske namn på delane

Det ytre øyret består av aurikkelen (sjølve øyret), den ytre øyregangen (lat. meatus acusticus externus) og det ytre laget av trommehinna (lat. membrana tympani).

Rovpattedyr har auriklar som er støtta opp av brusk og som kan vendast etter lyden. Hos mange tamhundar er denne eigenskapen avla bort.
Flaggermusa breiøyre er kjenneteikna av sine breie auriklar.

Anatomi og fysiologi[endre | endre wikiteksten]

Aurikkelen består av følgjande delar:

  • Øyreflippen (lat. lobulus)
  • Øyremuslingen (lat. concha auricularis)
  • Den ytre øyrekrumminga (lat. helix)
  • Den indre øyrekrumminga (lat. anti-helix)
  • Brusktapp føre øyregangen (lat. tragus)
  • Brusktapp på nedre del av indre øyrekrumminga (lat. anti-tragus)

Den ytre øyregangen er normalt hårkledd, og her vert det produsert øyrevoks (lat. cerumen) med antimikrobielle eigenskapar. Han vert produsert inst i gangen, og vandrar så utover.

Trommehinna sørgjer for å danne ein fysisk barriere mellom det ytre og mellomøyret. I tillegg har han som funksjon å overføre lydbølgjene frå den ytre øyregangen til øyrebeinkjeden (øyreknoklane) i mellomøret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.