Slim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Slim (latin mucus) er ei seig, fargelaus væske som blir produsert av visse kjertlar i kroppen. Det finst slimkjertlar i slimhinner fleire stader i dyre- og menneskeorganismar, mellom anna i mage-tarmkanalen, luftvegane og urinrøyret til mennesket.[1]

Slim inneheld mellom anna mucin, som er glykoprotein, det vil seia komplekse samband av protein og karbohydratar. Stoffet har ein vernande verknad, til dømes for den indre overflata av tarmveggen.[1] Kroppen kan produsera større mengder ved ein betennelse,[2] som forkjøling, influensa eller bronkitt.

Ei liknande væske hjå plantar blir kalla planteslim. Slim kan elles visa til ulike sleipe organiske stoff og liknande, som grønske i vatn.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Slim», Store norske leksikon, 16. februar 2009, henta 5. september 2016 
  2. Roald, Borghild (19. november 2014), «Slim», Store medisinske leksikon, henta 5. september 2016 
  3. «slim» i Nynorskordboka.
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.