Mellombels kvartermeister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mellombels kvartermeister eller utskriven kvartermeister (forkorta m/Kvm) er ein grad som kan besettast av vernepliktige under fyrstegongsteneste i Sjøforsvaret. Tidlegare var dette personell som hadde sivil utdanning som til dømes skipsførar eller maskinsjef. Dei hadde då kommandomyndigheit og halv kvartermeisterløn. I dag held tradisjonen fram på ein måte som kan samanliknast med eit underoffiserskorps. Det vert gjerne plukka ut spesielt eigna personell til å vere befalet som er "nærast" dei meinige. Mogelege stillingar kan vere vaktkommandør, assisterande klasseforstandar, kursinstruktør med fleire. Storleiken på ansvar og oppgåver varierer frå avdeling til avdeling. Dei vert rekna for å vere befal på same måte som til dømes ein UB-korporal. M/Kvm skal gå gjennom eit trevekers instruktør- og befalskurs, og misser graden ved dimmisjon. M/Kvm har same uniform som ein kvartermeister, men har ei raud stripe i staden for gull. Ein mellombels kvartermeister får same løn som korporal eller utskriven leiande meinig. Dei fleste stillingane finn ein på KNM TordenskjoldHaakonsvern Orlogsstasjon, men ein finn dei òg på til dømes KS Norge og enkelte NATO-hovudkvarter. Det er inga tilsvarande grad i Hæren og Luftforsvaret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Grad under Militære gradar Grad over
Korporal i Hæren og Luftforsvaret Sersjant
Utskriven leiande meinig Sjøforsvaret Kvartermeister