Menneskerettsbrot i Myanmar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fleire interesseorganisasjonar som Human Rights Watch, Amnesty International og Refugees International karakteriserer menneskerettssituasjonen i Burma som katastrofal. Rapportar frå fleire hald fortel om ein total mangel på respekt for grunnleggande menneskerettar. Ytringsfridomen er minimal, og juntaen SPDC nyttar systematisk tortur, slavearbeid, overvaking og valdtekt som politiske verkemiddel. Mellom anna i 1960-åra og i 1997 lanserte dei såkalla kampanjar for etnisk reinsing, der dei sju etniske minoritetane i Burma vart utsette for grove brot på menneskerettane. USA karakteriserer Burma som ein versting når det gjeld demokrati og menneskerettar, og nobelprisvinnar Desmond Tutu er blad dei som har appellert til FN sitt sikkerheitsråd om å intervenere i Burma av humanitære årsaker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]