Human Rights Watch
Human Rights Watch | |
![]() | |
Skipa | 1978, 1988 |
---|---|
Hovudkontor | New York by |
Leiar | James F. Hoge Jr. |
Tilsette | 450 |
Human Rights Watch er ein USA-basert internasjonal ikkje-statleg organisasjon som støtter menneskerettane og undersøker forhold rundt dei. Organisasjonen sitt hovudkvarter ligg i New York City.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Human Rights Watch blei grunnlagd under namnet Helsinki Watch i 1978 for å overvaka om Sovjetunionen følgde punkta i Helsingfors-avtalen. Etter som organisasjonen voks danna han andre overvakingskommitear som overvaka andre delar av verda. I 1988 blei alle kommiteane samla under same paraply under namnet Human Rights Watch.
Saker og kampanjar[endre | endre wikiteksten]
Human Rights Watch kjemper mellom anna
- for avskaffing av dødsstraff
- mot tortur
- mot folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneska
- for rettane til homofile og lesbiske
- mot menneskehandel
- mot klasevåpen