Messehakel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopi av messehakel frå 1500-talet i Lunder kyrkje i Sokna.
Messehakel i Strømsoddbygda kapell i Strømsoddbygda.

Messehakel (av norrønt hakul, som tyder kappe) er ein kappe presten eller biskopen nyttar saman med den liturgisk drakta når han eller ho forrettar altarteneste på høgtidsdagar og under feiring av nattverd.

Messehakel vert laga av eit lett, mjukt og varig materiale med god lengde og breidde. Messehakelen høyrer til inventaret i kyrkja, medan andre liturgiske klede kan vere i presten sitt eige. Ei kyrkje vil gjerne ha ein messehakel i kvar av dei liturgiske fargane: grøn, kvit, raud og fiolett.

Messehakelen har stammar frå antikken og var opphavleg eit ytterplagg med opning berre for hovudet. Av dette kjem det latinske namnet casula, som tyder lite telt. Seinare vart bruken innskrenka til prestar og biskopar i gudstenesta. Frå 1100-talet vart det vanleg å pryde messehakelen med ein kross, sidan òg med andre symbol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]